Jakoar
Jakoar (Psittacus) er ei biologisk slekt av mellomstore papegøyar. Slekta inneheld to artar, gråjako og sotjako. Dei lever vilt innanfor eit område i Afrika frå sørlege Guinea til vestlegaste Kenya. Begge artane er klassifiserte som sterkt truga (EN) av Verdas naturvernunion, IUCN.
Jakoar | |
Gråjako, Psittacus erithacus | |
Sotjako, Psittacus timneh | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Familie: | Papegøyefamilien Psittacidae |
Underfamilie: | Psittacinae |
Slekt: | Jakoar Psittacus Linnaeus, 1758 |
I mange år vart sotjako klassifisert som underart av jako, med vitskapleg namn P. e. timneh. I 2012 godkjente BirdLife International dei to taksona som separate artar på grunnlag av genetiske og morfologiske trekk, fjørdrakt og vokale ulikskapar.[1][2]
Desse papegøyane lever i låglandsskog, galleri- og savanneskogar i Vest- og Sentral-Afrika. Dei lever hovudsakleg av palmenøtter, frø, frukt og anna plantebasert føde, men har også vorte observert å ete sniglar. Tilhugen og evna til å etterlikne tale og andre lydar har gjort dei til populære burfuglar, jakoar er vanlege burfuglar også i Noreg.
Taksonomi
endreSlekta Psittacus vart introdusert i 1758 av den svenske naturforskaren Linné i den tiande utgåva av hans Systema Naturae.[3] Slektsnamnet er latin for «papegøye».[4] Linné inkluderte alle dei 37 av dei då kjende papegøyane i slekta, og gråjako (Psittacus erithacus) var utpeika som typearten.
Psittacus etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist:[7]
- Gråjako, Psittacus erithacus, Grey parrot, Linnaeus, 1758, (EN)
- Lever frå Elfenbeinskysten til vestlegaste Kenya, kroppslengd på ca. 33 cm, grå med raud hale
- Sotjako, Psittacus timneh, Timneh parrot, Fraser, 1844, (EN)
- Langt meir avgrensa utbreiing frå sørlege Guinea til søraustre Elfenbeinskysten. Noe mindre enn sotjako, og halen er mørk raudbrun.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger dels på «Psittacus» frå Wikipedia på engelsk, den 7. desember 2023
- Referansar
- ↑ «Grey Parrot (Psittacus erithacus) has been split into grey parrot (P. erithacus) and Timneh grey parrot (P. timneh): are both eligible for uplisting?». BirdLife International (2011). 12. juni 2011. Henta 8. desember 2023.
- ↑ «Trade in Africa's Grey Parrots and Timneh Parrots is currently not sustainable». BirdLife International. Henta 8. desember 2023.
- ↑ Linnaeus, Carl (1758). Systema Naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis (på latin) 1 (10th utg.). Holmiae (Stockholm): Laurentii Salvii. s. 96.
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 322]. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023.
- ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 8. desember 2023.
- ↑ «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023.