Jakob von der Lippe (28. juli 187213. mai 1953) var ein norsk marineoffiser, admiral frå 1930. Biskopen Jacob von der Lippe var bestefar hans.

Lippe var fødd i Fjell. Han tok teneste i sjøforsvaret, der han var offiser frå 1893. Med åra vart han forfremja til premierløytnant i 1895, kaptein i 1900 og kommandørkaptein i 1912. 1899-1901 hadde han tilsyn med bygginga av panserskipa «Norge» og «Eidsvold» i Newcastle-upon-Tyne. 1901-10 var han kanonkontrollør i Marinen og 1914-17 sjef for skyte- og signalskulen i Marinen.

Den 13. oktober 1916 vart Lippe utnemnd til sjef for flystellet til Marinen, då den nye våpengreina vart organisert og lagd under Den Kongelege Norske Marine. Fire månader seinare vart han øvste leiar for flyvåpenet til Marinen, ein kommandoposisjon han hadde til 13. januar 1930.

Lippe var kommanderande admiral frå 1930 til august 1934. 1930-33 var han òg sjef for Admiralstaben.

KjelderEndra