James Archibald Houston
James Archibald Houston OC FRSA (12. juni 1921–17. april 2005) var ein kanadisk kunstnar, designer, barnebokforfattar og filmskapar som spelte ei viktig rolle i anerkjenninga av inuittisk kunst og introduserte grafiske trykk til inuittane. Inuittane kalla han Saumik, som tyder ‘den venstrehendte’.
James Archibald Houston | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 12. juni 1921 St. Catharines |
Død |
17. april 2005 (83 år) |
Yrke | skribent, barnebokforfattar |
Ektefelle | Alice Houston |
James Archibald Houston på Commons |
Liv
endreJames Houston var fødd i St. Catharines i Ontario. Som barn studerte han kunst hjå Arthur Lismer, og tok seinare utdanning ved Ontario College of Art (1938-40), Académie de la Grande Chaumière i Paris (1947-48) og i Japan (1958-59), der han studerte trykking. I andre verdskrigen kjempa han med Toronto Scottish Regiment, og mottok Canadian Volunteer Service Medal. Etter krigen drog han til Aust-Arktis i Canada for å måla, og budde der i tolv år. Han verka som offentleg tenestemann i Northern Service på den vestlege Baffinøya.
Houston gjorde ein stor innsats med å utvikla inuittisk kunst. I 1948 reiste han til ein liten inuitt-busetnad i Arktiske Quebec, Inukjuak (då offisielt kjend som Port Harrison), for å teikna og måla bilde av inuittane og det arktiske landskapet. Han bytte sine egne teikningar, gjort på staden, mot ei lita utskjering av den inuittiske jegeren Nayoumealuk,[1] av ein sitjande hjort. Houston såg at det var eit godt kunstverk, av og drog tilbake til Canadian Handicrafts Guild i Montreal med rundt eit dusin små utskjeringar, dei fleste utført i kleberstein (steatitt). Laget, som hadde prøvd så tidleg som på 1920-talet å fremja ein marked for inuitthandverk, var imponert over utskjeringane og av innsatsen til Houston. Det organisert eit tilskot frå den føderale regjering på 1100 dollar,og sende Houston tilbake nordover i sommaren 1949 for å gjera innkjøp i ulike samfunn i austlege Arktis.
Då Houston kom tilbake til Montreal den hausten, skipa laget den fyrste utstillinga si av inuittiske utskjeringar. Ifølgje samlaren Ian Lindsay seier blei den fyrste utstillinga fullstendig utseld. Styresmaktene la inn fleire ressursar til å utvikle eit kunst- og handverksmarknad i Arktis, og hyra Houston til å bu i Cape Dorset som den fyrste «omreisande handverksoffiseren». Han fekk også i oppdrag å skriva reklamemateriale for sal sør i landet. Haustutstillingane til Canadian Handicrafts Guild blei årlege, med køar som ofte gjekk ut døren og nedover kvartalet på Peel Street. På slutten av 1950-talet hadde regjeringa sponsa reisande utstillingar med inuittisk kunst gjennom Aust- og Vest-Europa, Sør-Amerika og Midtausten. Etter den vellukka lanseringa av inuittskulptur på kunstmarknaden, introduserte Houston kunsttrykk i 1957, som fekk ein liknande suksess.
Houston budde i Cape Dorset med kona sin Alma Houston og dei to sønene hans, Samuel og John Houston, fram til 1962, då paret skilte seg og han flytta til New York. Her blei han dagleg leiar for design ved Steuben Glass. Han var manusforfattar og produsent for filmen frå 1974 basert på romanen hans The White Dawn. I 1976 blei den 70 fot høge akryl- og aluminiumskulpturen hans Aurora Borealis installert i det nye Glenbow-museet i Calgary, der han framleis er utstilt.[2] Han døydde i New London i Connecticut då han var 83 år gammal.
Prisar og utmerkingar
endre- Medlem av Royal Society of Arts.
- Æresmedlem av College of Fellows i Royal Canadian Geographical Society.
- I 1972 blei han utnemnd til Officer av Ordenen til Canada.
- I 1972 fekk han ein doktorgrad i litteratur, honoris causa, frå Carleton University.
- I 1975 fekk han æresdoktorgrad for Humane Letters frå Rhode Island College.
- I 1979 fekk han æresdoktorgrad for kunst frå Rhode Island School of Design.
- I 1977 vann han Vicky Metcalf Award.
- I 1981 blei han gjort til Honorary Fellow av Ontario College of Art.
- I 1987 fekk han æresdoktorat i juss ved Dalhousie University.
- I 1997 fekk han Massey-medaljen frå Royal Canadian Geographical Society.
Verk i utval
endreBarnebøker
endre- Akavak: An Eskimo Journey, 1968.
- Black Diamonds: A Search for Arctic Treasure, 1982.
- Drifting Snow: An Arctic Search, 1992, winner of the 1993 Governor General's Awards
- Eagle Mask: A West Coast Indian Tale, 1966.
- The Falcon Bow: An Arctic Legend, 1986.
- Fire into Ice: Adventures in Glass Making, 1998.
- Frozen Fire: A Tale of Courage, 1977.
- Ghost Paddle: A Northwest Coast Indian Tale, 1972.
- Ice Swords: An Undersea Adventure, 1985.
- Kiviok's Magic Journey: An Eskimo Legend, 1973.
- Long Claws: An Arctic Adventure, 1981.
- River Runners: A Tale of Hardship and Bravery, 1979, winner of the 1980 Canadian Library Association Book of the Year for Children Award.
- Tikta'liktak: An Eskimo Legend, 1965, winner of the 1966 Canadian Library Association Book of the Year for Children Award.
- The White Archer: An Eskimo Legend, 1967, winner of the 1968 Canadian Library Association Book of the Year for Children Award.
- Whiteout, 1991
- Wolf Run: A Caribou Eskimo Tale, 1971.
Bøker for vaksne
endre- Confessions of an Igloo Dweller, 1995.
- Eagle Song: An Indian Saga Based on True Events, 1983.
- Eskimo Graphic Art: 1964-1965, 1965.
- Eskimo Handicrafts, 1951.
- Eskimo Prints, 1967.
- Ghost Fox, 1977.
- Hideaway: Life on the Queen Charlotte Islands, 1999.
- The Ice Master: A Novel of the Arctic, 1997.
- Ojibwa Summer, 1972.
- Running West, 1989.
- Songs of the Dream People, 1972.
- Spirit Wrestler, 1980. McClelland and Stewart, ISBN 0-7710-4250-7
- The White Dawn: An Eskimo Saga, 1971.
- Zigzag: A Life on the Move, 1998.
Kjelder
endre- ↑ George, Jane (5 March 1999), «The beginnings of commercial carving on display in Ottawa», Nunatsiaq News, arkivert frå originalen 4 March 2016, henta 8 January 2013.
- ↑ Stott, Jon C. «James Archibald Houston». The Canadian Encyclopedia. Arkivert frå originalen 30 September 2013. Henta 13 January 2015.
- Denne artikkelen bygger på «James Archibald Houston» frå Wikipedia på bokmål, den 20. august 2024.
- «James Houston». Arkivert frå originalen 24. mai 2005. Henta 20. april 2005.