Inuittisk kunst
Inuittisk kunst er kunstverk skapt av inuittar frå førhistorisk tid til i dag.
Historie
endreFør-dorset og dorsetkulturen
endreKring 4000 vandra nomadar frå Sibir over Beringsundet til Nord-Amerika og område i Alaska, Nord-Canada, Labrador og Grønland.[1] Desse menneske laga omhyggeleg utforma spydspissar i stein. Berre nokre få utskorne gjenstandar i elfenbein som er att etter dei kan reknast som kunst.
Kring 1000–500. f.Kr. oppstod dorsetkulturen i austre Canada. Han var den første som byrja produsera figurativ kunst i noko større omfang; objekt i bein, elfenbein og tre som førestilte andlet, masker, menneskefigurar, fuglar, bjørnar og andre dyr. På overflata til slike dyr var det gjerne skorne linjer som viste skjelettet deira; bjørnar i denne stilen er kjend som «flygande bjørnar».[2] Ein går ut frå at desse gjenstandane, som sjeldan er større enn at dei har plass i ei handflate, hadde magisk tyding og blei nytta som amulettar.
Thulekulturen
endreThulekulturen utvikla seg frå nordre Alaska til Grønland kring 1000–1200 e.Kr., og dagens inuittar stammar frå denne kulturen. Thulekulturen var samtidig med vikingane som slo seg ned i Nord-Amerika, og kom òg i konflikt med dei. Thulefolket levde av kvalfangst, og bygde bustader av stein og kvalbein.
Til skilnad frå dei religiøse objekta frå dorsetkulturen er gjenstandane etter thulefolket vanlegvis nyttereiskapar som harpunar, forseggjorte spyd, kammar, knappar, kokekar og nålhaldarar. Dessutan laga dei snøbriller med vakre mønster og dessutan underlege, «symjande» figurar av menneske, fuglar og andre dyr.
Historisk tid
endreKlimaendringar som medførte kaldare klima og færre kvalar gjorde at thulekulturen gradvis forsvann i perioden 1400–1500, og den europeiske innvandringa førte til at han var heilt forsvunnen på 1700-talet. På 1800-talet fann det stad ei utvikling som medførte at inuittane stadig meir laga gjenstandar meint for europeiske kjøparar. I staden for gjenstandar meint for inuitisik dagleg bruk blei det laga fleire kristne figurar, sigarettetui og liknande. Det inuittiske tilværet gjekk gjennom endå ei omfattande forandring med gullrushet kring 1896.
Nyare tid
endreEtter andre verdskrigen gjekk mange inuittsamfunn vekk frå nomadelivet og blei bufaste med ein meir moderne levemåte. Kontakten med omverda auka påtakeleg. I Canada førte statleg støtte til at inuittisk skulptur kom til å gå gjennom ei rask utvikling som i etterkrigstida har fått større internasjonal merksemd.
Kjende inuittkunstnarar
endre- Manasie Akpaliapik
- Germaine Arnaktauyok
- Aron of Kangeq
- Karoo Ashevak
- Kenojuak Ashevak
- Pitseolak Ashoona
- Shuvinai Ashoona
- Siasi Atitu
- Alootook Ipellie
- Osuitok Ipeelee
- Josephina Kalleo
- Helen Kalvak
- Simeonie Keenainak
- Siassie Kenneally
- Ruben Komangapik
- Floyd Kuptana
- Andy Miki
- Annie Niviaxie
- Jessie Oonark
- John Pangnark
- Parr
- David Ruben Piqtoukun
- Peter Pitseolak
- Timootee (Tim) Pitsiulak
- Annie Pootoogook
- Kananginak Pootoogook
- Pudlo Pudlat
- Andrew Qappik
- Lissie Saggiak
- Pauta Saila
- Nick Sikkuark
- Joe Talirunili
- Tanya Tagaq
- Ningiukulu Teevee
- Irene Avaalaaqiaq Tiktaalaaq
- John Tiktak
- Bernadette Iguptark Tongelik
- Simon Tookoome
- Ovilu Tunnillie
- Marion Tuu'luq
- Natar Ungalaaq
Kjelder
endre- ↑ St Onge, Colette. Symbols of Authenticity: Challenging the Static Imposition of Minority Identities through the Case Study of Contemporary Inuit Art. Arkivert frå originalen 25. desember 2019. Henta 25. februar 2015.
- ↑ Hessel & Hessel 1998: 12–13
- Denne artikkelen bygger på «Inuitisk konst» frå Wikipedia på svensk, den 14. juli 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Inuit art» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2024.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Auger, Emily Elisabeth (2005), The way of Inuit art: aesthetics and history in and beyond the Arctic, McFarland, ISBN 0-7864-1888-5
- Campbell, Nancy G., Annie Pootoogook: Life & Work (på English), Toronto: Art Canada Institute, ISBN 9781487102333
- Crandall, Richard C (2000), Inuit art: a history, McFarland, ISBN 0-7864-0711-5
- Finley, Carol (1998), Art of the Far North: Inuit sculpture, drawing, and printmaking, Lerner Publications, ISBN 0-8225-2075-3
- Canadian Inuit Sculpture. Canada publication: Indian Affairs and Northern Development. 1993. ISBN 0-662-59936-5. Arkivert frå originalen 18. august 2007.
- Blodgett, Jean (1991). In Cape Dorset We Do It This Way: Three Decades of Inuit Printmaking. Ontario: McMichael.
- Hessel, Ingo; Hessel, Dieter (1998). Inuit Art. An introduction. foreword by George Swinton. London: British Museum Press. ISBN 0-7141-2545-8.
- Lalonde, Christine (2015). Pitseolak Ashoona: Life & Work (på English). Toronto: Art Canada Institute. ISBN 978-1-4871-0060-5.
- Wight, Darlene Coward (2019). Oviloo Tunnillie: Life & Work (på English). Toronto: Art Canada Institute. ISBN 9781487101978.
Bakgrunnsstoff
endre- Timeline of Inuit Art
- Epokar i den inuitiska kunsten (på engelske)