Jamesonitt
Jamesonitt er eit metallisk mineral, ein blyhaldig spydglans. Det er relativt vanleg på visse hydrotermale kisførekomstar, men sjeldan i Noreg (Bindalen, Sulitjelma).
Jamesonitt | |||
Jamesonittkrystallar | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfosalt | ||
Kjemisk formel | Pb4FeSb6S14 | ||
Strunz-klassifisering | 02.HB.15 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | grå-svart | ||
Krystallsystem | monoklin | ||
Kløyv | {001} god; òg mogeleg {010} og {120} | ||
Mohs hardleiksskala | 2½ | ||
Glans | metallisk | ||
Strekfarge | grå-svart | ||
Transparens | ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 5.63 |
Det krystalliserer monoklint og har kjemisk formel Pb4FeSb6S14.
Det vart kalla opp etter den skotske mineralogen Robert Jameson (1774–1854). Det vart først identifisert i 1825 i Cornwall i England.[1] Det er òg funne i Sør-Dakota og Arkansas i USA, Zacatecas i Mexico og i Romania.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Mineral galleries Arkivert 2005-11-02 ved Wayback Machine.