Jamska
(Omdirigert frå Jamsk)
Jamsk (stundom kalla Jämtska) eller Jamtsk (på norsk) er ein dialekt som vert tala i Jamtland, Sverige. I motsetnad til svensk vert han rekna til dei vestnordiske språka. Eit særtrekk med jamsk grammatikk er den følgjerette bøygninga av dativ, som på dalmål, mange norske målføre, islandsk og tysk.
Jamsk | ||
Andre namn | Jamtsk | |
Klassifisering | Indo-europeisk Germansk Nordisk Vestnordisk | |
Talarar | Jamtar | |
Bruk | ||
Tala i | Sverige | |
Område | Jämtland | |
Jamsktalande i alt | 30 000 (år 2000) | |
Skriftsystem | Latinsk alfabet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | jmk |
Språklege særtrekk
endreJamska er eit jamvektsmål med apokope av overvektsord og samsvarar på slik med dei fleste formene av trøndske målføre. Jamska har tjukk l av historisk l og rð. Diftongane ei, øy og au er bevarte i dei fleste dialektane. Det er mykje bruk av dativ. Av pronomen er det verdt å merke seg je (‘eg’), dæ (‘de’) og mæ (‘vi’, ‘me’).
Bakgrunnsstoff
endre- Jamska Arkivert 2006-02-07 ved Wayback Machine.
- ethnologue.com