Opna hovudmenyen

Jan Eggum (fødd 8. desember 1951) er ein norsk musikar og låtskrivar frå Bergen som debuterte på plate i 1975. Han er særleg kjend for sine melankolske songar, med tema som kjærleikssorg, tungsinn og einsemd. Men han tek også ofte opp samfunnskritiske og meir trivielle og humoristiske spørsmaål og saker i songane sine.

Jan Eggum
Jan Eggum.jpg
Fødd8. desember 1951
FødestadBergen
OpphavNoreg
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapGrappa Musikkforlag A/S
Verka somsongar, gitarist, låtskrivar
BornFrida Eggum Michaelsen
PrisarBjellesauprisen, Norsk Artistforbunds Ærespris, Tekstforfatterfondets ærespris, Spellemannprisen for årets opphavsmann, Spellemannprisen i visesang, Spellemannprisen i visesang, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Solprisen

Eggum fekk i 1975 platekontrakt med den norske avdelinga av det multinasjonale plateselskapet CBS, der han hausten same året spelte inn debutplata «Jan Eggum». Gjennombruddet kom etter hans tredje utgjeving, albumet «Heksedans» i 1977. For dette fekk han «Bransjeprisen» som opphavsmann under Spellemannprisen 1977. På albumet finn ein den klassiske «Mor, jeg vil tilbake».

Etter dette har Eggum vore ein av dei mest kjende musikkartistane i Noreg, både som soloartist og som medlem av Gitarkameratene. Flere av albuma hans har seld til gullplate. Han har vunne seks spelemannprisar, sist heidersprisen under Spellemannprisen 2011.

Eggum bur i Oslo.

KjelderEndra