Jan Myrheim (fødd 14. februar 1948 i Røyrvik) er ein norsk fysikar, kjent for oppdaginga av anyon.

Jan Myrheim
Fødd14. februar 1948
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, fysikar
InstitusjonarNoregs tekniske høgskole
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Han studerte til cand.real. i fysikk ved Universitetet i Oslo (1972) og tok jobb same stad som vitskapleg assistent. Saman med Jon Magne Leinaas gjorde han grunnleggjande funn i faget fraksjonell statistikk, og avdekte at det i tillegg til boson og fermion kunne finnast ein tredje type partikkel (1976). Typen vart seinare stadfesta, og namngjeven anyon av den seinare vinnaren av nobelprisen, Frank Wilczek ved University of California (1982).[1][2][3]

Sidan hadde Myrheim forskaropphald ved CERN i Genève og Niels Bohr Instituttet i København. Etter flytting til Trondheim (1984) har han arbeidt ved NTH (1985–), med opphald ved MR-senteret (1987–90). Med forskarstipend (1990–93) studerte han kvanteteorien for vekselverknad mellom identiske partiklar i ein og to dimensjonar, som er mykje meir rikhaldig enn i tre dimensjonar. Dette gav dr.philos. (1994) og han vart dertil professor (1994).[4]

Utmerkingar endre

Kjelder endre

  1. Ny oppdagelse i Einstein-klasse: Ukjente partikler påvist etter 30 år Arkivert 2007-02-05 ved Wayback Machine. fra Apollon
  2. J.M.Leinaas, and J.Myrheim, "On the theory of identical particles", Nuovo Cimento B37, 1-23 (1977).
  3. F.Wilczek, Phys.Rev.Lett. 49, 957 (1982).
  4. hjemmeside ved NTNU

Bakgrunnsstoff endre