Jan Jacobus Wouters (fødd 17. juli 1960) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Utrecht som vart europameister i 1988, og vann Cupvinnarcupen 1987 med Ajax.

Jan Wouters
Personleg informasjon
Fullt namn Jan Jacobus Wouters
Fødselsdato 17. juli 1960 (63 år)
Fødestad Utrecht i Nederland
Høgd 175 cm
Posisjon Defensiv midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Feyenoord (assistenttrenar)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1980-1986 Utrecht 168 (21)
1986-1992 Ajax 150 (19)
1992-1994 Bayern München 68 (6)
1994-1996 PSV 52 (5)
Totalt 438 (51)
Landslag
1982-1994 Nederland 70 (4)
Trenar for
1996-1997 Utrecht (assistenttrenar)
1997 Utrecht (midlertidig)
1997-1998 Ajax (ungdomstrenar)
1998-2000 Ajax
2001-2006 Rangers (assistenttrenar)
2006-2007 PSV (assistenttrenar)
2007 PSV (midlertidig)
2008-2009 PSV (assistenttrenar)
2009-2011 Utrecht (assistenttrenar)
2011-2014 Utrecht
2014 Kasımpaşa
2015- Feyenoord (assistenttrenar)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Wouters spelte frå 1980 i seks sesongar på FC Utrecht, og var i 1985 sterkt delaktig då laget vart nasjonal cupmeister etter finalesiger 1-0 over Helmond. Sommaren 1986 gjekk turen til Amsterdam og Ajax. Gjennom fem og ein halv sesong i Ajax var han med å vinne den nederlandske cupen og Cupvinnarcupen, begge våren 1987, og verte seriemeister i 1990. I november 1991 vart han overført til Bayern München og spelte på det tyske storlaget i vel to år. Frå nyår 1994 gjorde han teneste i PSV Eindhoven, der han avslutta si tid som aktiv spelar med å verte cupvinnar våren 1996.

Landslagsspel endre

Wouters, som oftast vart tildelt ei defensiv rolle på midtbana, spelte 70 landskampar på Nederland i tida 1982-94 og skåra fire mål. Under EM i fotball 1988 spelte han alle kampane då Nederland vann meisterskapen etter tomålssiger over Sovjetunionen i finalen. Sidan fekk han mykje speletid både under fotball-VM 1990 og EM 1992. Også under VM i fotball 1994 var han med i fyrsteellevaren, og spelte sin siste landskamp då Nederland rauk ut or meisterskapen med kvartfinaletap 2-3, etter ein særs minneverdig kamp mot dei komande verdsmeistrane frå Brasil.

Merittar endre

  • Europameister: 1988 med Nederland
  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1987 med Ajax
  • Nederlandsk cupmeister: 1985 med FC Utrecht, 1987 med Ajax og 1996 med PSV Eindhoven
  • Nederlandsk seriemeister: 1990 med Ajax

I 1990 vart Wouters kåra til årets spelar i Nederland.

Kjelder endre