Janne Sjelmo Nordås

norsk politikar

Janne Sjelmo Nordås (fødd 11. mai 1964 i Hattfjelldal i Nordland) er ein norsk politikar frå Senterpartiet. Ho vart i 2009 vald inn på Stortinget og er der medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen.

Janne Sjelmo Nordås

Fødd11. mai 1964 (59 år)
Hattfjelldal
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Nordland
Alle verv

Biografi endre

Nordås har yrkesbakgrunn som servitør, gardbrukar, etablerar, butikkavdelingsleiar før ho vart politikar på heiltid. Ho har studert informasjonsleiing og kommunal økonomi og leiing.

Ho har vore medlem av fylkestinget i Nordland sidan 1999, og er leiar i Nordland Senterparti. Nordås var vararepresentant til Stortinget i perioden 2005–2009, og er medlem av Landsdelsutvalet for Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark. Ho var medlem i Hattfjelldal kommunestyre i perioden 1995-2003.

Nordås vart i oktober 2007 medlem av fylkesrådet i Nordland, med ansvar for næringssaker, men vart etter berre tre veker i vervet utnemnd som statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet. Denne stilling var ho i fram til 1. oktober 2009 etter at ho 14. september 2009 vart vald inn på Stortinget på 7. mandat frå Nordland.

Bakgrunnsstoff endre