Jason Richardson
Jason Alexander Richardson (fødd 4. april 1986) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Cedar Hill i delstaten Texas som har spesialisert seg i 110 meter hekk. Han vann gullmedaljen i øvinga under VM i friidrett 2011 i Daegu og tok sølvmedaljen i same då Sommar-OL 2012 fann stad i London. Richardson sette sin personlege rekord på 12,98 sekundar då han vart nummer to i det nasjonale OL-uttaket i juni 2012.
Jason Richardson | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 4. april 1986 (38 år) Houston |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012 |
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2011 i Daegu: Gullmedalje - 13,16, framom Liu Xiang (13,27)
- OL 2012 i London: Sølvmedalje - 13,04, bakom Aries Merritt (12,92)
- VM 2013 i Moskva: Nr 4 - 13,27, bakom Sergej Sjubenkov (13,24)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jason Richardson (hurdler)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2015.