Aries Merritt (fødd 24. juli 1985) er ein USA-amerikansk hekkeløpar som vart olympisk meister på 110 meter hekk under Sommar-OL 2012. Same året den 7. september sette han verdsrekord i øvinga med tida 12,80 sekundar, ein rekord som framleis gjeld (2019).

Aries Merritt


Statsborgarskap USA
Fødd 24. juli 1985 (38 år)
Chicago
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012

Aktiv endre

Merritt vann 110 meter hekk i junior-VM i 2004 i Grosseto i Italia framom Dayron Robles frå Cuba. To år seinare gjekk Merritt til topps på 110 meter i den nordamerikanske studentmeisterskapen (NCAA) på tida 13,21, I IAAF-finalen 2008 vart han fjerdemann på korthekken, året etter rauka han tidleg ut under VM i friidrett 2009. Hausten 2011 tok han seg til finalen på 110 meter hekk ved VM i friidrett i Daegu, der han kom på femteplass etter ei svakt løp. Landsmannen Jason Richardson vart verdsmeister.

Våren 2012 sprang Merritt inn til siger på 60 meter hekk ved innandørs-VM. Midtvegs i året vann han det USA-amerikanske OL-uttaket på den sterke tida 12,93, ei tid han kopierte ved to stemne i Europa to og tre veker etterpå. Under dei olympiske sommarleikane i London i august viste han på ny klasse i semifinalen med 12,94, i finalen 8. august sette han personleg rekord med 12,92 og vann ein klar siger føre landsmannen Richardson. Til sist forbetra Merritt verdsrekorden på korthekken til 12,80 sekundar ved det siste DL-stemnet for sesongen i Brussel den 7. september. Dayron Robles sin gamle rekord lydde på 12,87.

Etter å ha vorte sjettemann i Moskva-VM 2013, vart Merritt alvorleg sjuk. Han vart diagnostisert med ein sjeldan nyresjukdom. Merritt kom tilbake på friidrettsbana i 2015 og imponerte med årsbeste 13,04 og bronse i VM-finalen, eitt hundredels sekund bakom sølvmedaljøren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre