Jesper
mannsnamn
(Omdirigert frå Jasper)
Jaspar, Jasper og Jesper er mannsnamn av persisk opphav. Namna er avleidde av Kasper som opphavleg truleg kjem frå det gamle kaldeiske ordet gizbar, 'skattmeister'. Jesper har namnedag den 9. mai i Noreg.
Jasper er ein utbreidd engelsk variant av namnet medan Jesper er ei nordisk form.
Namneberarar
endre- Jesper Rasmussen Brochmand (1585-1652), dansk teolog
- Jesper Swedberg (1653-1735), svensk geistleg
- Jesper Crusebjörn (1843-1904), svensk offiser og politikar
- Jasper Johns (f. 1930), amerikansk biletkunstnar
- Jesper Jensen (f. 1931), dansk forfattar og omsetjar
- Jasper Carrott (f. 1945), britisk komikar
- Jesper Christensen (f. 1948), dansk skodespelar
- Jesper Olsen (f. 1961), dansk fotballspelar
- Jesper Parnevik (f. 1965), svensk golfspelar
- Jesper Odelberg (f. 1970), svensk komikar
Oppdikta
endre- Kasper, Jesper og Jonatan er namnet på tre røvarar i Kardemomme by av Thorbjørn Egner
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jesper» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mai 2009.
«Jesper» i Store norske leksikon, snl.no.