Jesper Olsen

dansk fotballspelar

Jesper Olsen (fødd 20. mars 1961 i Faxe) er ein dansk, tidlegare fotballspelar. Han er best kjend for å ha spela for Ajax Amsterdam og Manchester United. Olsen var fast venstreving på det danske landslaget, skåra fem mål på 43 kampar. Han spelte på Danmarks lag i EM i fotball 1984 og VM i fotball 1986.

Jesper Olsen
Olsen i 1983
Personleg informasjon
Fullt namn Jesper Olsen
Fødd 20. mars 1961 (62 år)
Fødestad Faxe i Danmark
Høgd 168 cm
Posisjon Venstrevinge
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1977–1981 Næstved 64 (11)
1981–1984 Ajax 85 (23)
1984–1988 Manchester United 139 (21)
1988 Næstved 2 (1)
1989–1990 Bordeaux 54 (3)
1990–1992 Caen 58 (0)
Totalt 402 (59)
Landslag
1980–1990 Danmark 43 (5)
Trenar for
2010–2011 Melbourne Heat (assistenttrenar)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Olsen debuterte på seniornivå for Næstved BK i 1978.

I 1981 signerte han med den nederlandske klubben Ajax. Frå tida i Ajax vert han hugsa for å ha delteke i den såkalla «pasningsstraffa», som han gjennomførte saman med Johan Cruijff. Då Cruijff skulle take eit straffespark i ein seriekamp mot Helmond 5. desember 1982, der Ajax allereie leia 4–0, sentra Cruijff ballen sidelengs til Olsen som passa ballen tilbake til Cruijff før denne sette ballen inn bak ei forvirra målvakt. Under opphaldet i Ajax, fekk han kallenamnet De Vlo («fluga») på grunn av si framtoning og si evne til å vri, snu og hoppe for å unngå taklingar. Han var med å vinne seriemeisterskapen for klubben både i 1982 og 1983. Siste året vart det også cup-triumf.

Olsen vart i 1984 overført frå Ajax til engelske Manchester United. Han hjelpte United til siger i FA-cupen i 1985. Totalt skåra han 24 mål i løpet av sine knappe fem år i den engelske klubben. Olsen fann det vanskeleg å tilpasse seg det fysiske, engelske spelet, og i utviklinga som fotballspelar stagnerte han. Karrieren i Manchester United tok slutt i 1988 og han vart overført til Bordeaux i Frankrike. Han enda seinare opp hos Caen, der spelte han sideback. Han forlet Caen etter å ha fått ei alvorleg skade og la opp i 1992.

Landslagsspel endre

Debuten på det danske landslaget kom i juli 1980 mot Sovjetunionen.

Olsen skåra to mål i EM–kvalifiseringa til EM i 1984, inkludert ei utlikning i siste minutt i 2–2-kampen mot Sovjetunionen. Han var med i EM–troppen til Danmark i 1984 og spelte to kampar, inkludert Danmarks semifinale mot Spania. Kampen enda uavgjort, og sjølv om Olsen skåra i straffesparktevlinga vart Danmark utslegne då Preben Elkjær bomma på sitt forsøk.

Olsen var også med i Danmarks tropp til VM i 1986 og skåra to gongar i dei tre innleiande kampane, men vil alltid verte hugsa for ein tabbe i åttedelsfinalen mot Spania. Han gav Danmark leiinga på straffespark, men rett før pause fekk han ballen frå målvakta Lars Høgh. Han prøvde å spele ballen tilbake til Høgh, men pasninga hans enda i staden rett framom Emilio Butragueño. Den spanske angriparen utlikna, og skåra til sist fire mål i kampen som Danmark tapte 1–5.

Han var så med i Danmark sin tropp til EM i 1988, men spelte ikkje.

Etterrakst endre

Jesper Olsen busette seg i 2003 i Australia saman med familien.