Jizan

(Omdirigert frå Jazan)

Jazan (arabisk جازان, Jazān), òg skrive Jizan, Gizan eller Gazan, er ein hamneby og administrasjonssenter i Jizan-regionen, som ligg heilt sørvest i Saudi-Arabia, like nord for grensa til Jemen. Jazan ligg ved kysten av Raudehavet og tener eit stort jordbruksområde med kring 1,5 millionar innbyggjarar, i følgje ei folketeljing i 2010. Området er kjent for tropiske frukter av høg kvalitet, som mango, fiken og papaya.

Jazan
جازان
by
Land  Saudi-Arabia
Region Jazan
Høgd 40 moh.
Koordinatar 16°53′21″N 42°33′40″E / 16.88917°N 42.56111°E / 16.88917; 42.56111
Folketal 105 193  (2012)
Folketettleik 105 193 / km²
Guvernør / Emir Prins Mohammed Bin Nasser Bin Abdulaziz Al-Saud
Tidssone AST (UTC+3)
Kart
Jizan
16°53′21″N 42°33′40″E / 16.889166666667°N 42.561111111111°E / 16.889166666667; 42.561111111111
Wikimedia Commons: Jizan
Nettstad: www.jazan.gov.sa/

Det vert gjort Jazan utbyggingar innan infrastruktur i området for mange milliardar dollar, mellom anna av eit raffineri og tilhøyrande terminal ved Raudehavet nær Jazan. Det heile er venta å stå ferdig seint i 2016.[1]

Etnografi endre

Innbyggjarane i Jazan er arabarar og nesten berre sunnimuslimar.

Økonomi endre

Tidleg på 1900-talet var Jazan ein viktig stad for perlefiske. Då fyrste verdskrigen byrja, vart handelen forflytta over frå Jazan til Al Hudaydah.[2]

I dag er det sett i gang enorme, ambisøse prosjekt innan samferdsle, fornybar energi, turisme og jordbruk i området kring Jazan. Jazan økonomiby er nyleg utvikla for 27 milliardar dollar, i tillegg til bygginga av Jazan aluminiumsverk for 3,5 milliardar dollar.

Klima endre

Jazan har eit varmt ørkenklima (Köppen: BWh) med ein årsmiddeltemperatur på 30 °C. Vêret varierer frå ekstremt varmt i dei langre somrane til varmt i dei korte vintrane.

Den høgaste temperaturen som er målt er 49 °C den 10. juli 2002, medan den lågaste er 9 °C on 28. februar 1984.[3]

Vêrdata for Jazan i, Saudi-Arabia
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 39 39 39 41 44 48 49 48 42 43 39 38 49
Gjennomsnittleg maks °C 29,7 30,6 32,3 34,6 37,1 37,9 37,2 37,2 36,8 36,2 33 31,4 34,5
Døgnmiddeltemperatur °C 25,7 26,5 28 30 32,3 33,6 33,4 33,3 32,4 31 28,2 26,5 30,1
Gjennomsnittleg min °C 21,8 22,5 23,8 25,4 27,6 29,3 29,6 29,4 28 25,8 23,5 21,6 25,7
Lågast målte °C 15 9 16 11 19 20 21 17 20 19 14 17 9
Gjennomsnittleg nedbør mm 11 5 6 8 7 1 8 19 8 8 13 12 106
Kjelde: Climate-Data.org[4]Voodoo Skies[3] for record temperatures

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Jazan refinery and terminal - Saudi Aramco, arkivert frå originalen 2. november 2017, henta 25. mai 2016 
  2. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 75. 
  3. 3,0 3,1 «Gizan i Saudi-Arabia». Voodoo Skies. Henta 21. mai 2016. 
  4. «Climate: Jizan - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 21. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jizan