Jealousy av Queen

Jealousy
Singel av Queen
frå albumet Jazz
B-side

Fun It
Don't Stop Me Now (USSR)

Språk engelsk
Utgjeve April 1979
Innspelt 1978
Sjanger Glamrock
Lengd 3:14
Selskap EMI, Elektra
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen og Roy Thomas Baker
Queen-kronologi 
«Mustapha»
(1979)
Jealousy «Love of My Life» (live)
(1979)


Jealousy er ein song av det britiske rockebandet Queen, gjeven ut i 1978 på det sjuande studioalbumet deira, Jazz, og eitt år seinare som den fjerde og siste singelen frå albumet. Han var skriven av Freddie Mercury.[1]

Songen vart berre gjeven ut på singel i seks land, USA, Canada, Brasil, New Zealand og Sovjetunionen, men gjekk ikkje inn på salslistene noko stad. Singelen var den første og einaste singelen til bandet i Sovjetunionen. I Sovjetunionen var B-sida «Don't Stop Me Now», men i dei andre landa var B-sida «Fun It». I 1980 var songen på ei liste songar for sommar-OL 1980 som vart halde i Moskva.[2]

«Jealousy» vart skriven av Mercury. May spelar sin Hairfred akustisk gitar med små stykke pianostreng under gitarbanda for å skape den «summande» effekten til ein sitar. Denne effekten var alt blitt nytta tidlegare på «White Queen (As It Began)», frå Queen II. All vokal var sungen av Mercury.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. http://www.allmusic.com/song/jealousy-mt0041498363
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 30. juni 2016