Jazz av Queen

album av Queen
Jazz
Studioalbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 10. november 1978
Innspelt Juli–oktober 1978 i Mountain Studios i Montreux og Super Bear Studios i Berre-les-Alpes i Frankrike
Sjanger Rock
Lengd 44:44
Selskap EMI, Parlophone (Europe)
Elektra, Hollywood (USA)
Produsent Queen, Roy Thomas Baker
Queen-kronologi 
News of the World
(1977)
Jazz The Game
(1980)
Singlar frå Jazz
  1. «Bicycle Race»/«Fat Bottomed Girls»
  2. «Don't Stop Me Now»
  3. «Mustapha»
  4. «Jealousy»

Jazz er det sjuande studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut 10. november 1978. Roy Thomas Baker var igjen produsent for bandet. Det var tre år sidan sist han var medprodusent på A Night at the Opera frå 1975, men dette albumet var det siste han var medprodusent på for bandet. Dei mange musikkstilane på albumet er blitt både lovprist og kritisert. Albumet nådde andreplassen på UK Albums Chart og sjetteplassen på Billboard 200 i USA. Jazz har selt over fem millionar eksemplar verda over.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [1]
Chicago Tribune    [2]
Encyclopedia of Popular Music     [3]
The Guardian     [4]
The Rolling Stone Album Guide     [5]
Uncut     [6]
The Village VoiceC+[7]

Då albumet kom ut fekk det hard medfart i Rolling Stone, der Dave Marsh meinte at Jazz var «meir av den same keisame ulla» frå Queen, som han meinte var «elitistiske» med somme av dei musikalske vala og tekstane deira. Marsh sa at «Fat Bottomed Girls» handsama kvinner «ikkje som sex-objekt, men som objekt, punktum (på same måten bandet ser på folk generelt)».[8] Village Voice-kritikaren Robert Christgau sa at albumet ikkje var så verst, og fann «Bicycle Race» morosam, men meinte at bandet høyrdest ut som 10cc «med ein eike, eller ei pumpe, opp i ræva».[7] Alexis Petridis skreiv seinare i The Guardian, «Jazz var hysterisk på alle måtar, men musikkpressa forstod ikkje spøken, særleg ikkje i USA».[4]

Songar endre

Mustapha endre

For meir om dette emnet, sjå Mustapha av Queen.

«Mustapha» er ein song skriven av Freddie Mercury. Han vart gjeven ut på singel i somme land i 1979.

Teksten er skriven på engelsk, arabisk, persisk og kanskje fleire oppdikta ord. Somme forståelege ord er «Mustapha», «Ibrahim» og setninga «Allah, Allah, Allah we'll pray for you», «salaam alaykum» og «alaykum salaam».

På konsertane til bandet, som på Live Killers, song ofte Mercury opningsvokalen til «Mustapha» i staden for den kompliserte introduksjonen til «Bohemian Rhapsody», og gjekk frå «Allah, we'll pray for you» til «Mama, just killed a man...». Stundom spelte bandet nesten heile songen, med Mercury på piano.

Fat Bottomed Girls endre

For meir om dette emnet, sjå Fat Bottomed Girls.

«Fat Bottomed Girls» vart skriven av Brian May med solovokal av Mercury og May, som syng solo på refrenget. På scenen song Mercury heile songen, medan Roger Taylor og May song harmonivokal. «Fat Bottomed Girls» inneheld ein av dei mest kjende trommepausane til Taylor, kring 2:52 uti songen.

Jealousy endre

«Jealousy» vart skriven av Mercury. May spelar ein Hairfred akustisk gitar og plasserte små stykke av pianostreng under gitarbanda for å skape ein «summande» effekt som på ein sitar. Denne effekten hadde han nytta tidlegare på «White Queen (As It Began)» frå Queen II. All vokal vart spelt inn av Mercury.

Bicycle Race endre

For meir om dette emnet, sjå Bicycle Race.

«Bicycle Race» er ein kompleks song av Mercury. Han inneheld fleire moduleringa, uvanlege akkordfunksjonar, taktendringar (4/4 til 6/8 og attende) og ein seksjon der gitarane etterliknar eit sykkelløp.

If You Can't Beat Them endre

«If You Can't Beat Them» var ein hardrocklåt av John Deacon og ein konsertfavoritt for bandet seint i 1970-åra. Han var ein av få songar av Deacond er May spelar all gitar og inneheld ein gitarsolo på over to minutt, ein av dei lengste gitarsoloane til Queen.

Let Me Entertain You endre

«Let Me Entertain You» var skriven av Mercury, og retta mot publikum. Linja «we'll sing to you in Japanese» er ein referanse til «Teo Torriatte» av May på A Day at the Races. Songen inneheld òg ein referanse til plateselskapet deira på den tida (Elektra og EMI Records) med linja «With Elektra and EMI we'll show you where it's at». Ideen til gitarriffet i parallelle sekstakkordar vart seinare nytta om att på songen «The Hitman» på Innuendo.

Dead on Time endre

«Dead on Time» var skriven av May. Gitarspelinga her er rask og aggressiv, med trommene til Taylor er intense. Mercury når opp til C#5 på dei lysaste tonane. Songen vart spelt i raskt tempo, og kunne ha høva bra live, men vart aldri spelt på konsertane til bandet. May brukte berre delar av songen i gitarsoloane sine på Jazz-turneen.

Songen minnar om «Keep Yourself Alive» frå debutalbumet deira. I det siste refrenget syng dei til og med linja «keep yourself alive», og i teksten som stod skriven på omslaget, står desse orda i utheva skrift.

Songen endar med eit brak, etterfølgt av Mercury som skrik «You're dead!»

In Only Seven Days endre

«In Only Seven Days» er ein song av Deacon, og deler somme likskapar med ein av dei tidlegare songane hans, «Spread Your Wings». Deacon spelar både akustisk og elektrisk gitar på songen. Songen var B-sida til «Don't Stop Me Now».

Dreamer's Ball endre

«Dreamer's Ball» er ei hyllest frå May til Elvis Presley, som døydde året før. Arrangementet for konsertversjonen var heilt annleis, der May og Taylor etterlikna blåseinstrument.

Fun It endre

«Fun It» var ein funksong med ein discorytme av Taylor, der både han og Mercury delte vokalen. Taylor song solovokal, medan Mercury song korvokal. Taylor nytta Syndrum elektriske trommer og spelte sjølv dei fleste instrumenta. Han er ein slags føregangar til «Another One Bites the Dust», særleg introduksjonen til denne songen.

Leaving Home Ain't Easy endre

«Leaving Home Ain't Easy» var ein ballade av May, som song all vokal (solo og harmoni). Farten på lydbandet for stemma hans vart auka på mellomspelet.

Don't Stop Me Now endre

For meir om dette emnet, sjå Don't Stop Me Now.

«Don't Stop Me Now» er ein song av Mercury. Han vart gjeven ut på singel og nådde topp 10 i Storbritannia og er ein av dei mest kjende songane til Queen. May spelar berre ein kort gitarsolo og syng korvokal. Songen vart nytta i ein kjend barscene i filmen Shaun of the Dead. Sjåarane av BBC-programmet Top Gear kåra songen til den beste køyrelåten.[9]

More of That Jazz endre

«More of That Jazz» er ein av ei bitre kommentarane til Taylor om samfunnet på den tida og korleis det vart vist mangel på respekt for rock and roll. Songen er basert på ein loop og Taylor speler dei fleste instrumenta sjølv og syng all vokal, med somme særs høge tonar (høgaste er E5). I slutten kan ein høyre korte klipp frå mange av songane på albumet, inkludert «Dead on Time», «Bicycle Race», «Mustapha», «If You Can't Beat Them», «Fun It» og «Fat Bottomed Girls».

Singlar endre

Det vart gjeve ut fire singlar frå albumet:

  • «Bicycle Race»/«Fat Bottomed Girls» (edit) – Elektra E45541; gjeve ut i desember 1978.
«Bicycle Race» og «Fat Bottomed Girls» kom ut i 1978 som ei dobbel A-side. Bandet laga ein musikkvideo til songen der mange nakne kvinner syklar i eit sykkelløp. Sykkelløpet fann stad 17. september 1978 på Wimbledon Stadium i London. Biletomslaget til singelen syner eit bilete bakfrå av ei kvinne på sykkelen sin. Dei måtte måla på raude truser for å unngå ramaskrik. Ei soge fortel at bandet lånte syklane frå ein butikk («Halfords», i følgje plateomslaget), men då dei leverte syklane attende måtte dei kjøpe alle sykkelseta fordi dei var blitt brukt på usømeleg vis.
  • «Mustapha» vart gjeve ut i 1979 berre i Bolivia, Spania, Jugoslavia og Tyskland. B-sida var «Dead on Time» («In Only Seven Days» i Jugoslavia).
  • «Don't Stop Me Now» – Elektra E46008; gjeve ut i februar 1979.
«Don't Stop Me Now» vart gjeve ut med B-sida «In Only Seven Days», men «More of That Jazz» i USA og Canada.
  • «Jealousy»/«Fun It» – Elektra E46039; gjeve ut april 1979.
«Jealousy» vart gjeve ut i USA, New Zealand, Brasil, Sovjetunionen og Canada. B-sida var «Fun It» («Don't Stop Me Now» i Russland på blå flexi-plate).

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Mustapha»Freddie Mercury3:01
2.«Fat Bottomed Girls»Brian May4:16
3.«Jealousy»Mercury3:14
4.«Bicycle Race»Mercury3:01
5.«If You Can't Beat Them»John Deacon4:15
6.«Let Me Entertain You»Mercury3:01
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Dead on Time»May3:23
8.«In Only Seven Days»Deacon2:30
9.«Dreamer's Ball»May3:30
10.«Fun It»Roger Taylor3:29
11.«Leaving Home Ain't Easy»May3:15
12.«Don't Stop Me Now»Mercury3:29
13.«More of That Jazz»Taylor4:16
Bonusspor (Hollywood Records-utgåva 1991)
Nr.TittelLengd
14.«Fat Bottomed Girls» (1991-remix av Brian Malouf)4:22
15.«Bicycle Race» (1991-remix av Junior Vasquez)4:59
Bonus-EP frå 2011
Nr.TittelLengd
1.«Fat Bottomed Girls» (singelversjon)3:23
2.«Bicycle Race» (instrumental)3:09
3.«Don't Stop Me Now» (med lenge tapt gitar)3:34
4.«Let Me Entertain You» (live i Montreal, november 1981)2:48
5.«Dreamers Ball» (tidleg akustisk versjon, august 1978)3:40
Bonusvideoar på iTunes-utgåva i 2011.
Nr.TittelLengd
6.«Bicycle Race» (musikkvideo, 1978) 
7.«Fat Bottomed Girls» (live i Milton Keynes Bowl, 1982) 
8.«Let Me Entertain You» (live i Japan, 1979) 

Medverkande endre

Lydteknikarar:

  • Geoff Workman
  • John Etchells

Lister og salstrofé endre

Lister endre

Liste (1978) Plassering
Austerrike[10] 8
Canada[11] 13
Nederland[12] 3
Frankrike[13] 7
Tyskland[14] 5
New Zealand[15] 20
Noreg[16] 6
Sverige[17] 6
UK Albums Chart[18] 2
U.S. Billboard 200[19] 6

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[20] Gull 25 000x
Frankrike (SNEP)[21] Gull 176,300[22]
Tyskland (BVMI)[23] Gull 250 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[24] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[25] Platina 300 000^
USA (RIAA)[26] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. Jazz av QueenAllmusic
  2. Kot, Greg (19. april 1992). «An 18-record, 80 Million-copy Odyssey». Chicago Tribune. Henta 20. mai 2016. 
  3. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2248. ISBN 0857125958. 
  4. 4,0 4,1 Petridis, Alexis (15. desember 2011). «Queen: Jazz; The Game; Flash Gordon; Hot Space – review». The Guardian (London). Henta 20. mai 2016. 
  5. «Queen: Album Guide». Rolling Stone. Henta 10. juni 2012. 
  6. «Queen - Jazz CD Album». CD Universe. Henta 20. mai 2016. 
  7. 7,0 7,1 Christgau, Robert (25. desember 1978). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 20. mai 2016. 
  8. Marsh, Dave (8. februar 1979). «Queen: Jazz». Rolling Stone. Henta 10 Oktober 2011. 
  9. Queen win Top Gears Best Driving Song ever poll Arkivert 2011-09-30 ved Wayback Machine. Queen Zone. Henta 1January 2013
  10. Steffen Hung. «Queen – Jazz». austriancharts.at. Henta 11. januar 2012. 
  11. «Results – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 11. januar 2012. 
  12. Steffen Hung. «Queen – Jazz». dutchcharts.nl. Henta 11. januar 2012. 
  13. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste». Infodisc.fr. Henta 11. januar 2012. 
  14. «charts.de». charts.de. Henta 11. januar 2012. 
  15. Steffen Hung. «Queen – Jazz». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 2. november 2012. Henta 11. januar 2012. 
  16. Steffen Hung. «Queen – Jazz». norwegiancharts.com. Henta 11. januar 2012. 
  17. Steffen Hung. «Queen – Jazz». swedishcharts.com. Henta 11. januar 2012. 
  18. http://www.officialcharts.com/artist/21275/queen/
  19. «Queen». AllMusic. Henta 11. januar 2012. 
  20. «Austrian album salstrofé – Queen – Jazz» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Queen in the field Interpret. Enter Jazz in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  21. «French album salstrofé – Queen – Jazz» (på fransk). InfoDisc.  Select QUEEN and click OK
  22. «Les Albums Or :» (på fransk). Infodisc.fr. Henta August 22, 2012. 
  23. «Gold-/Platin-Datenbank (Queen; 'Jazz')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  24. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Queen; 'Jazz')». Hung Medien. 
  25. «British album salstrofé – Queen – Jazz». British Phonographic Industry.  Enter Jazz in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  26. «American album salstrofé – Queen – Jazz». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff endre