Jean-Baptiste Labat

Jean-Baptiste Labat (nokre gongar kalla berre Père Labat, 5. september 16636. januar 1738) var ein fransk prest, botanikar, skribent, utforskar, etnograf, soldat, ingeniør og landeigar.

Jean-Baptiste Labat

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. september 1663
Paris
Død

6. januar 1738 (74 år)
Paris

Yrke misjonær, colonizer, Planter class, etnolog, ingeniør, historikar
Språk fransk
Religion katolisisme
Jean-Baptiste Labat på Commons

Liv og virke endre

Labat var fødd og døydde i Paris. Han gjekk inn i dominikanarordenen då han var tjue år gammal. Etter at han hadde fullført filosofiske og teologiske studiar blei han ordienrt til prest. I tillegg til å forkynna, underviste han i filosofi og matematikk til verdslege studentar på Nancy. Han forlet dette arbeidet og gav seg til med misjonærarbeid. I mange år forkynte han i ulike kyrkjer i Frankrike.

I 1693 fekk han løyve til å dra til Vestindia, som då var under fransk herredøme, for å driva misjonsarbeid. 29. januar 1694 landa han på Martinique. Han blei gjeve oversyn over Macouba-soknet, der han arbeidde i to år og stod for mange nye byggverk, medrekna kyrkja der.

I 1696 drog han til Guadeloupe, og blei så utnemnd til prokurator-general for alle dominikanske kloster i Antillane (Procureur syndic des îles d'Amérique) etter at han kom tilbake til Martinique.

Dei franske styresmaktene utnemnde han til ingeniør på grunn av den kunnskapen hans. I denne stillinga vitja han dei franske, nederlandske og engelske Antillane frå Grenada til Hispaniola. Labat møtte mange aspekt av karibisk samfunn, inkludert slaveri. I beretninga si om året 1698 skreiv Labat om inntrykka sine om slavane på Martinique: «Dans er det dei elskar mest. Eg trur ikkje det er eit folk på jorda som er meir knytt til han enn dei. Når meisteren ikkje vil tillate dei å dansa på eigedommen sin, vil dei reise tre og fire lieue, så snart dei er ferdige med arbeidet på sukkerverket om laurdagen, og tek seg til ein stad der dei veit at det vil vera dans.»[1]

Labat var ikkje berre ein enkel tilskodar til slaveriet. Som eigar av eigedommen Fonds-Saint-Jacques (i nord, langs ei elv med det same namnet) og grunnlegger av soknet François, begge på Martinique, vigde Labat seg til å modernisera og utvikle sukkerindustrien på denne øya, og eigde sine eigne slavar. På Martinique har minnet om Labat overlevd i ulike uttrykk: La Tour du père Labat (‘vindmølle’); les chaudières Père Labat (Père Labat-kjellarane), eller standarden for destillasjon kjend som type Père Labat.

Som ingeniør på Guadeloupe tok han aktivt del i forsvaret av øya då britane angreip henne i 1703. Labat avfyrte fleire kanonar med si eiga hand. Han blei utnemnd til Vice-Préfet Apostolique same året.

I 1706 blei Labat send til Europa som utsending for ordenen. Han var i Italia i fleire år, deltok på eit møte med ordenen i Bologna, og presenterte ein rapport om arbeidet sitt for leiaren. Labat førebudde seg på å venda tilbake til Amerika, men fekk ikkje løyve, og blei halden att i Roma i fleire år. Han reiste til Paris i 1716, og budde i klosteret ved Rue Saint-Honore til han døydde. I løpet av desse åra byrja Labat ei langsiktig historie om Vest-India. Verket blei til slutt gjeve ut i seks bind i Paris i 1722, med mange illustrasjonar gjort av han sjølv (Nouveau Voyage aux îles Françoises de l'Amérique, Paris, 1722).

Arv etter Labat endre

  • På Martinique utvikla Labat nye metodar for å produsera sukker, som blei brukte i lang tid seinare.
  • Labat hadde eit stort ry som matematikar, og vann anerkjenning både som naturforskar og som vitskapsmann. Han hjelpte botanikaren Charles Plumier i arbeidet sitt medan Plumier var i Karibia. Han bidrog med sine vitskaplege observasjonar og tok grundig og nøyaktig for seg jordsmonn, tre, plantar, frukt og urter på øyane. Han forklarte òg om produksjonsmåtane som fanst, og peika på måtar ein kunne utvikle handelssamkvem på.
  • Bøkene hans om Amerika, som var bestseljarar i si tid, er Nouveau voyage aux iles de l'Amérique (6 bd., Paris, 1722; 2. utg., 8 bd., 1742; nederlandsk oms., 4 bd., Amsterdam, 1725; tysk, 6 bd., Nuremberg, 1783-'7); og Voyage du Chevalier Demarchais en Guinee, iles voisines, et a Cayenne, fait en 1725, 1726, et 1727 (4 bd., Paris , 1730).
  • Han gav ut liknande verk om andre land, med informasjon frå notata til andre misjonærar. To av verka hans om Afrika er blitt kjende: Nouvelle relation de l'Afrique occidentale (Paris, 1728) og Relation historique de l'Ethiopie occidentale (Congo, Angola, Matamba, etter det italienske verket til fader Cavazzi, Cap. (Paris, 1732)

Den tropiske frukttreslekta Labatia i familien Sapotaceae, som fyrst blei skildra i 1788, fekk namn etter Labat. Ho blei rekna som si eiga gruppe fram til 1930-talet, ho blei del av slekta Pouteria. I 1972 blei det føreslått at ein skulle godkjenna ei ny slekt som heitte Neolabatia, med seks artar som tidlegare var i Labatia, men denne klassifikasjonen er omstridd.

Kjelder endre

  1. «Nouveau Voyage aux Isles de l'Amérique, Vol. II». Sacred-texts.com. Henta 25. juli 2012.