Jektvika i Rødøy

Jektvika eller Jektvik er ei bygd og ein ferjestad som ligg langs kystriksvegen på sørsida av fjorden Værangen i Rødøy kommune i Nordland. Bygda er eit knutepunkt som ligg sentralt i kommunen, og har eigen barnehage og skule, grendehus og kafé. Bygda har òg eigen butikk. Denne gjekk konkurs i 2009,[1] men skifte eigar og starta så opp att.[2]

Jektvika
stad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Rødøy
Postnummer 8187 JEKTVIK
Preposisjon i Jektvika
Kart
Jektvika
66°38′00″N 13°18′00″E / 66.63333333°N 13.3°E / 66.63333333; 13.3

Når ein køyrer langs kystriksvegen er ein avhengig av ferja Jektvik-Kilboghamn for å koma seg vidare, så denne ferjestrekninga kan vera sterkt trafikkert sommarstid. Ferja kan òg leggja til kai ved Bygda Sørfjorden på denne overfarten. Jektvik har òg ferjesamband til diverse øyar i kommunen; det går nesten dagleg ferje til Gjerøya, Rødøy, Selsøyvik, Storselsøy og Nordnesøy herifrå.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre