Jenny Klinge
Jenny Klinge (fødd 28. november 1975 i Surnadal) er ein norsk politikar frå Senterpartiet. Ho har vore stortingsrepresentant for Møre og Romsdal sidan 2008, først som fast møtande vara og frå 2009 på fast plass.
Jenny Klinge | |||
Jenny Klinge i 2009 Foto: Senterpartiet | |||
Fødd | 28. november 1975 (49 år) Surnadal kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Politisk virke
endreI Surnadal var Klinge kommunestyre- og formannskapsmedlem 1999–2007, varaordførar 2003–2007, medlem i kulturstyret 1999–2003, og leiar i ungdomsrådet 1999–2003. Ho var medlem av Møre og Romsdal fylkesting 2003–2007, og i kraft av dette medlem av fylkeskulturutvalet og fylkesrådet for funksjonshemma. Leiar i Surnadal Senterparti 2002–2004.
Klinge møtte fast på Stortinget som vararepresentant for Eli Sollied Øveraas frå november 2006 til juli 2007, og frå april 2008 til september 2009. Klinge var då medlem i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, og var ein av saksordførarane for Nasjonal transportplan. I inneverande stortingsperiode er ho justispolitisk talsperson for Senterpartiet og medlem i Stortingets justiskomité.
Stortingskomitear
endre- 2009–2013 medlem i Justiskomiteen
- 2007–2009 medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jenny Klinge» frå Wikipedia på bokmål, den 10. september 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Jenny Klinge hos NRK