Jenny Lund

norsk politikar

Jenny Lund (15. februar 191617. august 1998) var ein norsk politikar for Ap. Ho var fast møtande stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag fylke frå 1956 til 1963.[1]

Jenny Lund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. februar 1916
Ålen kommune
Død

17. august 1998 (82 år)
Holtålen kommune

Yrke politikar, gründer
Politisk parti Arbeidarpartiet

Liv og virke

endre

Lund vaks opp i fjellbygda Ålen som nest yngst av åtte sysken. Faren, Rasmus Saksgård, var skomakar, kommunepolitikar og avhaldsmann.[1][2][3] Mora Marie var dotter av Gøran Bengtson, som var stiger ved Killingdal gruver.[4]

I 1931, 15 år gammal, melde Lund seg inn i arbeidarungdomslaget på Graftås i Ålen.[5][6]

16 år gammal flytta Lund til Trondheim for å skaffe arbeid. Ho arbeida som hushjelp, seinare på eit bokbinderi. Ho engasjerte seg også i arbeidarungdomslag og godtemplarungdomslag.[5][6] I 1943 gifta ho seg med Per-Helge Lund (1916–1950) frå Trondheim.[7]

Gründer

endre

Like etter krigen byrja Jenny og Per-Helge Lund, saman med broren til Jenny og svigerinna, å produsere ryggsekkar på loftet heime. Dette blei byrjinga på Fjellheimen sportsfabrikk, som produserte blant anna soveposar, ryggsekkar, telt og anorakkar.[6] Fabrikken blei ein viktig kvinnearbeidsplass i Ålen. Selskapet blei kjøpt opp av Helsport i Trondheim i 1965 og flytta produksjonen til Melhus i 1979.[8]

Politikar og organisasjonsbyggjar

endre

Jenny Lund blei ei drivkraft bak å danne fleire arbeidarkvinnelag i Ålen og nabobygdene, og ho fekk også plass i Sør-Trøndelag Arbeidarparti sitt kvinneutval. Ho blei også lagt merke til som kommunepolitikar.[5][6]

Lund var vararepresentant til Stortinget i fire valperiodar frå 1954 til 1969. Ho rykka opp som fast representant då Amund Skarholt døydde i april 1956. Etter stortingsvalet i 1957 møtte ho fast som vara for fiskeriminister Nils Lysø.[1] Lund sat heile tida i Stortingets sosialkomité, der ho deltok i lovbehandlinga av den kommunale sosialhjelpen og ytingar som seinare blei ein del av folketrygda.[6]Gerhardsen-regjeringa måtte gå av på grunn av Kings Bay-saka i 1963, mista Lund også stortingsplassen.[1]

Etter stortingsvalet i 1965 møtte Lund, i samband med regjeringsskiftet, i eit par veker for sosialminister Olav Gjærevoll.[1]

Lund sat i komitéen som i 1969 la fram forslag til endringar i straffeprosesslova.[1]

Jenny Lund fortsette å engasjere seg i partiarbeid.[5][6] Ho hadde også leiarverv i pensjonistlag og eldreråd i Ålen.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Jenny Lund». Stortinget.no. 
  2. Tretvik, Aud Mikkelsen (1989). Ålen og ålbyggen 1. Holtålen kommune. s. 526–527. 
  3. «Rasmus Saksgård i Aalen 65 år». Fjell-Ljom: 2. 28. oktober 1932. 
  4. «Ministerialbokfor Haltdalen prestegjeld, Ålen sokn 1891–1906 (1645P)». Digitalarkivet. Henta 29. oktober 2023. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Kirkbakk, Ole (2. november 1998). «Minneord forhenværende stortingsrepresentant Jenny Lund (Saksgård)». Arbeidets Rett: 18. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Bårdstu, Arvid (22. januar 1988). «Et politisk tilbakeblikk». Arbeidets Rett: 5. 
  7. Tretvik, Aud Mikkelsen (1989). Ålen og ålbyggen 1. Holtålen kommune. s. 427. 
  8. «Kroken på døra for Helsport’s avdeling i Ålen». Arbeidets Rett: 1 og 12. 16. juli 1979.