Opna hovudmenyen

Jens Florup Rasmussen (1. oktober 178319. mars 1836) var ein norsk prest og stortingsmann frå Bergen.

Jens Rasmussen
Fødd 1. oktober 1783
Død

19. mars 1836

Yrke prest, politikar

Rasmussen var son til ein jekteskipper. Han vart student i 1802 og cand. theol. i 1808. Frå 1809 var han lærar, fyrst i København, sidan ved realskulen i Stavanger. År 1814 residerande kapellan i Flekkefjord, sokneprest i Skjervøy frå 1818 til -23. Sokneprest i Tromsø frå 1823 til han døydde, i tillegg prost frå 1827.

Rasmussen var 1. representant frå Finmarkens amt på Stortinget 1830. Han var då medlem av Lagtinget, justiskomiteen og komiteen om «de finmarkske forhold». Den 26. juni vart han permittert frå tinget, grunna sjukdom.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914