Jens Stub (3. mars 176424. oktober 1819) var ein norsk prest og eidsvollsmann.

Jens Stub

Fødd3. mars 1764
Eid i Nordfjord
Død24. oktober 1819 (55 år)
Statsborgar avNorsk
PartiUnionspartiet
YrkePrest
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814) Sjå dette på Wikidata

Stub var fødd i Eid i Nordfjord, der far hans var sorenskrivar. Sjølv vart han student frå Bergens skole i 1782. Deretter var han huslærar på Sjælland i Danmark i to år. Han vart cand. theol. i 1788, og var så to år huslærar på Munkvoll. Frå 1791 var Stub sokneprest i Alta og Talvik. Sidan 1801 var han sokneprest i Veøy prestegjeld i Romsdal.

I 1814 vart Stub 2. utsending frå Romsdals amt, etter at to andre prestar hadde nekta å motta val, til riksforsamlingaEidsvoll. Dei øvrige frå amtet var amtmann Hilmar Meincke Krohg og gardbrukar Elling Olsson Valbø. Stub slutta seg til unionspartiet.

Stub omkom hausten 1819 på Tresfjorden, på reise til annekskyrkjaSylte i Tresfjord.

Kjelder endre