Jens Thaulow
norsk embetsmann og politikar
Jens Gram Thaulow (25. november 1777–18. mai 1862) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Kristiansand.
Jens Thaulow | |||
Fødd | 25. november 1777 Kristiansand kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 18. mai 1862 (84 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | sorenskrivar, politikar | ||
Far | Henrik Arnold Thaulow | ||
Alle verv |
|
Thaulow var son til ein by- og rådstuskrivar. Han tok dansk embetseksamen i 1797 og arbeidde frå 1798 som justissekretær i heimbyen. År 1805 tilsett som fullmektig i rentekammeret i København. Den lange perioden 1808 til 1860 var han sorenskrivar i Hadeland og Land.
Thaulow representerte Kristians amt på Stortinget i 1827 og på omframstortinget året etter. I 1827 var han sekretær i Odelstinget, justiskomiteen og komiteen om Larviks grevskap samt medlem av komiteen om kjøpstad på Oplandene. 1828 var han sekretær i Stortinget og i reglementskomiteen.
I si tid som sorenskrivar budde han på Jevnaker, der han døydde i 1862.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Jens Thaulow NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv