Jerseyfe

(Omdirigert frå Jersey-kyr)

Jerseyfe er ein storferase som stammer frå øya Jersey i den engelske kanalen. På øya er der berre jerseykveg, sidan det her har vore forbod mot import av andre rasar dei siste 150 åra. Jerseykveget har truleg eksistert i England sidan 1741, med namnet alderney.[treng kjelde] I dag finst jerseykveg over heile verda.

Jerseyfe på Jersey.
Jerseyku på beite i Noreg.

Utsjånad endre

Jerseykveget har ein typisk gulaktig farge. Andre fargenyansar førekjem òg, som til dømes svarte, brune/raude og kvite. Hovud, skulder og hofter er oftast ein tone mørkare enn resten av pelsen og det kan av og til sjåast ei svart line langs ryggen. Den mørke mulen er omkransa av eit kvitt band. Hovudet er kort med brei panne, ein konkav naserygg og store mørke auge. Jerseykveg har horn. Kalvane veks sakte, kjøtet er magert og mørt. Ei jerseyku veg omkring 350 kg, langt mindre enn NRF-kyr. Jerseykveget kjem lett gjennom kalving, har et godt temperament og er meir motstandsdyktig mot sjukdomar enn anna mjølkekveg.

Mjølka endre

Jerseykua si mjølk er heilt spesiell, ho inneheld både meir feitt og 15 % meir protein i forhold til andre kvegrasar. Vidare har jerseymjølka også fleire mineral og vitamin, til dømes inneheld ho 10-15 % meir kalsium, natrium og fosfor, og betakaroten- og c-vitamininnhaldet er også høgare enn i mjølk frå andre rasar, noko som gjer ho god til osteframstilling og gir ein djup farge. Ei jerseyku gir kring 6500 liter mjølk i året, medan ei NRF-ku gir kring 7000 liter.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre