Jerzy Neyman
polsk matematikar
Jerzy Neyman (fødd Jerzy Spława-Neyman, 16. april 1894–5. august 1981) var ein polsk-amerikansk matematikar og statistikar som arbeidde det meste av livet sitt ved University of California i Berkeley.
Neyman arbeidde som statistikar ved University College i London frå 1924 til 1928 og frå 1934 til 1938. I mellomtida var han leiar for Det statistiske laboratoriet ved Institutt for eksperimentell biologi i Nencki i Polen. Frå 1938 var han professor i statistikk ved University of California, Berkeley. Han var ein av grunnleggarane av moderne matematisk statistikk med viktige bidrag til teorien for hypotesetesting, konfidensintervall og utvalsundersøking.
Kjelder
endre«Jerzy_Neyman» av Jan Bjørnstad i Store norske leksikon, snl.no.