Jesus He Knows Me
Singel av Genesis
frå albumet We Can't Dance
B-side Hearts on Fire
Utgjeve 13. juli 1992
Innspelt Mars til september 1991
Studio The Farm, Surrey
Sjanger Progressiv rock
Lengd 4:18 (singel)
Selskap Atlantic, Virgin
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Nick Davis
Genesis-kronologi
«Hold on My Heart»
(1992)
Jesus He Knows Me «Never a Time»
(1992)


«Jesus He Knows Me» er ein song av det britiske bandet Genesis frå 1991 på albumet We Can't Dance. Det var den fjerde singelen frå albumet. Songen er ein satire om televangelisme og kom ut i ein periode då fleire televangelistar som Robert Tilton, Jim Bakker, Larry Lea og Benny Hinn var under etterforsking for å love økonomisk suksess til lyttarane om dei berre sende dei pengar. Songen nådde 20. plass i Storbritannia og 23. plass i USA.

UtgjevingEndra

Som alle singlane på We Can't Dance vart «Jesus He Knows Me» gjeve ut på to CDar, samt vinyl. Alle formata hadde songen «Hearts on Fire» (seinare utgjeve på Genesis Archive #2 1976-1992) som B-side.

Den første CDen hadde òg med «I Can't Dance (The Other Mix)» (ein remix av Ben Liebrand) og den andre hadde med «Land of Confusion (Rehearsal Version)». «The Other Mix» fekk dette namnet fordi «Sex Mix» vart gjeven ut nokre månader tidlegare på singelen til «I Can't Dance».

Songen vart nytta i den belgiske filmen Le huitième jour av Jaco Van Dormael i 1996.

KonsertversjonarEndra

Songen vart framført på konsertane i 1992.

MusikkvideoEndra

I videoen spelar songaren Phil Collins ein skruppelaus televangelist som lever som ein millionær på grunn av donasjonane frå lyttarane sine. Den komiske videoen har òg med bandmedlemmane Tony Banks og Mike Rutherford, som òg spelar evangelistar. Collins har på ein oransje dress og prøver å få sjåarane til å sende inn $18 000 000 på ei helg fordi «Herren bad han om det». I slutten av videoen regnar det pengar over Collins.

I videoen kan ein sjå folk som held eit skilt som seier «Genesis 3:25», som ikkje referer til Bibelen (Første mosebok heiter Genesis på engelsk), men viser til at bandet hadde tre medlemmar og at dei hadde vore i lag i 25 år. Ikkje alle forstod denne referansen og trudde det berre var ein spøk sidan det tredje kapittelet i Første mosebok berre har 24 vers.

InnhaldEndra

CD maxi
  1. «Jesus He Knows Me» (single mix) — 4:18
  2. «Hearts on Fire» — 5:15
  3. «I Can't Dance» (the other mix) — 6:00
7" singel
  1. «Jesus He Knows Me» (single mix) — 4:17
  2. «Hearts on Fire» — 5:15

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1992) Plassering
Australia (ARIA)[1] 56
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[2] 26
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 18
Canada Top Singles (RPM)[4] 10
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[5] 22
Frankrike (SNEP)[6] 27
Tyskland (Media Control AG)[7] 13
Irland (IRMA)[8] 22
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[9] 11
Nederland (Mega Single Top 100)[10] 18
New Zealand (RIANZ)[11] 35
Sverige (Sverigetopplistan)[12] 38
UK Singles (Official Charts Company)[13] 20
US Billboard Hot 100[14] 23
US Billboard Adult Contemporary[14] 27
US Billboard Mainstream Rock Tracks[14] 24
US Billboard Top 40 Mainstream[14] 12
Liste (2017) Plassering
Polen (Den polske Topp 5-lista)[15] 67

ÅrslisterEndra

Liste (1992) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[16] 89
Tyskland (Official German Charts)[17] 74

KjelderEndra

  1. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  2. "Genesis – Jesus He Knows Me – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  3. "Ultratop.be – Genesis – Jesus He Knows Me" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 24. mars 2020.
  4. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 24. mars 2020.
  5. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 24. mars 2020.
  6. "Lescharts.com – Genesis – Jesus He Knows Me" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  7. "Genesis - Jesus He Knows Me". Charts.de. Media Control. Henta 24. mars 2020.
  8. "The Irish Charts – Search Results – Jesus He Knows Me". Irish Singles Chart. Retrieved 24. mars 2020.
  9. "Nederlandse Top 40 – week 33, 1992" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 24. mars 2020.
  10. "Dutchcharts.nl – Genesis – Jesus He Knows Me" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 24. mars 2020.
  11. "Charts.org.nz – Genesis – Jesus He Knows Me". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  12. "Swedishcharts.com – Genesis – Jesus He Knows Me". Topp 60. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  13. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 24. mars 2020.
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Billboard Allmusic.com (Henta 15. august 2008)
  15. "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV. Henta 24. april 2017.
  16. «The RPM Top 100 Hit Tracks of 1992» (PDF). RPM 56 (25): 8. 19 Desember 1992. Henta 24. mars 2020. 
  17. «Top 100 Singles - Jahrescharts 1992» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 24. mars 2020. 

BakgrunnsstoffEndra