We Can't Dance
Studioalbum av Genesis
Utgjeve 28. oktober 1991
Innspelt Mars til september 1991
Studio
Sjanger
Lengd 1:11:30
Selskap
Produsent
Genesis-kronologi
Invisible Touch
(1986)
We Can't Dance The Way We Walk, Volume One: The Shorts
(1992)


Singlar frå We Can't Dance
  1. «No Son of Mine»
    Utgjeve: 21. oktober 1991
  2. «I Can't Dance»
    Utgjeve: 30. desember 1991
  3. «Hold on My Heart»
    Utgjeve: 6. april 1992
  4. «Jesus He Knows Me»
    Utgjeve: 13. juli 1992
  5. «Never a Time»
    Utgjeve: 5. november 1992

We Can't Dance er det fjortande studioalbumet til det engelske rockebandet Genesis, gjeve ut på 28. oktober 1991 på Atlantic Records i USA og 11. november 1991 på Virgin Records i Storbritannia. Det er det siste studioalbumet med trommeslagaren og songaren Phil Collins før han slutta i 1996 for å satse på soloprosjekta sine på fulltid. Produksjonen av albumet byrja etter ein fire år lang pause for bandet, etter salssuksessen til Invisible Touch (1986) og den påfølgjande turneen.

We Can't Dance vart ein salssuksess verda over for bandet. Det vart det femte albumet deira på rad som gjekk til topps på den britiske albumlista og det nådde fjerdeplassen i USA, der det selde fire millionar eksemplar. Mellom 1991 og 1993 vart seks spor frå albumet gjeve ut på singlar, inkludert «No Son of Mine» og «I Can't Dance». Sistnemnde vart nominert til Grammyprisen for beste popsong av ein duo eller gruppe i 1993. Genesis turnerte for å marknadsføre We Can't Dance i 1992, der bandet spelte på store stadion og arenaer i Nord-Amerika og Europa.

BakgrunnEndra

I juli 1987 bestod Genesis av trommeslagaren og songaren Phil Collins, klaverspelaren Tony Banks og bassisten og gitaristen Mike Rutherford og dei fullførte verdsturneen sin i 1986-1987 etter det trettande studioalbumet sitt, Invisible Touch (1986). Turneen på 112 konsertar vart sett av kring 3,5 millionar menneske og var slitsam for bandet, særskild for Rutherford som mista faren sin og nesten mista sonen Harry på grunn av ein vanskeleg fødsel.[1][2] Bandet tok ein tre og eit halvt år lang pause, der kvar av medlemmane fokuserte på soloprosjekta sine. Collins fekk vidare verdsomfattande suksess med plata ...But Seriously (1989), medan bandet til Rutherford, Mike and the Mechanics, òg byrja å få hittar.[3] Banks og Rutherford venta at Collins kom til å forlate bandet på denne tida, men han vart verande for å spele inn eit nytt Genesis-album med dei.[4] Bandet hadde planlagt å starte produksjonen i 1990, men det vart utsett til 1991 på grunn av den lange soloturneen til Collins.[5][6] Tittelen på albumet kom dels av at dance-musikken var byrja å bli populær og at denne stilen dominerte listene på denne tida.[2][1]

InnspelingEndra

 
The Farm, der We Can't Dance vart skriven og spelt inn.

Genesis spelte inn We Can't Dance frå mars til september 1991 i det private studioet deira kalla The Farm i Chiddingfold i Surrey.[7][4] Trioen var ivrige etter å arbeide i lag etter ein så lange pause, og etter to og ein halv månad med det Collins skildra som «å hogge laus, finjustering og kvesse på alle ideane», hadde dei fått klar femten spor.[8][1] Dei tenkte opphavleg å gje ut eit dobbeltalbum, men forstod at folk flest kom til å høyre på plata på CD, noko som gav dei nok tid til å presentere alle ideane sine.[9] Som med Genesis (1983) og Invisible Touch, var ingen av songane på We Can't Dance skrivne på førehand, og bandet valte i staden å utvikle songar gjennom lange improvisasjonar i studio. Dette var ein avgjerande faktor for at Collins skulle bli verande i bandet, trass i den store suksessen han hadde som soloartist, sidan han likte å skrive songar frå byrjinga av i lag med kompisane sine.[5] Ein typisk dag spelte Banks og Rutherford akkordar på klaver og gitar, medan Collins laga eit trommemønster på ein [trommemaskin]], slik at han kunne syngje tonar og ord. Orda han song kunne så nyttast til å danne grunnlaget for ein tekst, eller hjelpe å skape ein atmosfære på songen.[6]

Genesis gjekk med på å la somme av innspelingane bli filma for første gongen for dokumentarfilmen No Admittance, som vart sendt på nasjonalt fjernsyn. Banks sa seinare at bandet unngjekk «alt kreativt arbeid» medan filmmannskapet var der, fordi det vart for vanskeleg og la til: «Så snart dei var der, vart me slått av».[10] Collins var samd i dette synet og peikte på at atmosfæren endra seg når nokon andre kom inn i rommet.[5]

I motsetnad til tidlegare album, unngjekk Rutherford å spele gitarsynthesiser og spelte berre på ein Fender Stratocaster og to Steinberger-gitarar. På songen «Tell Me Why» spelte han ein Rickenbacker 12-strengs elektrisk gitar.[11]

For innspelinga henta dei inn den 28 år gamle Nick Davis som medprodusent og lydteknikar. Han hadde tidlegare arbeidd med Banks og Rutherford på soloprosjekta deira. Bandet sjølv tok seg òg av rolla som produsent.[7][8] Dette markerte slutten på samarbeidet med Hugh Padgham som hadde byrja med Abacab (1981). Rutherford sa at gruppa valte å byte produsent for albumet, men insisterte på at dei hadde vore nøgde med bidraga til Padgham, men følte det var tid for noko nytt etter å ha laga tre album i lag med han.[12][2] Davis ønskte å få gitaren til Rutherford lenger fram i lydbiletet enn på tidlegare Genesis-album, og meinte det var ein suksess på spor som «We Can't Dance».[13] Banks likte at Davis hadde sterke meiningar om somme sider av innspelinga og instrumenta, som gav han ei utfordring i å finne andre måtar å gjere opptak på.[2]

Etter ein seks veker lang sommarferie i 1991, møttest bandet att og fullførte miksinga i slutten av september. Dei valte ut 12 songar som strekte seg ut over 71 minutt.[8] Banks sa at samanlikna med den meir direkte stilen på Invisible Touch, var stilen på We Can't Dance meir eit slags mysterium med vekt på at kvart enkelt spor skulle ha sin «eigen kvalitet», men likevel han ei stemning som gjekk gjennom heile albumet.[8]

SongarEndra

På liknande vis som for Invisible Touch, let bandet kvar av medlemmane stå for omkring ein tredjedel av tekstane kvar. Banks meinte det var lettare å føre ideane gjennom når ein enkelt person skreiv ein tekst for ein song.[8] Til slutt enda Collins opp med å bidra til meir tekst til We Can't Dance enn han hadde gjort før, men rosa Rutherford tekstane hans, som han meinte var dei beste han skreiv i historia til Genesis. Collins meinte òg at teksten han sjølv skreiv på albumet var somme av dei beste i karrieren hans og sa «Det er opplagt at musikken stimulerte meg».[8] I ei veke då Banks og Rutherford forlet studio for å gjere marknadsføring, byrja Collins å skrive tekstar. I følgje Rutherford «kunne han ikkje stoppe seg sjølv etter det. Han fann ut at han hadde dødtid til overs».[2]

Fleire av songane omhandla alvorlege og samfunnsmessige tema. «No Son of Mine» handlar om familievald mot ein 15 år gammal gut, som byrja med at Collins repeterte linja «no son of mine» som ein prototypetekst.[2] Denne inneheld ein lydsample som Rutherford skapte etter å ha «rota rundt med to notar» som Banks hadde spelt inn på sin E-mu Emlator, og så sampla og sakka ned. Dette gav ein lyd som høyrdest ut som ein elefantlyd.[12][14] «Dreaming While You Sleep» omhandlar eit biluhell der bilføraren flyktar og skulda han kjenner på etter å ha køyrt bort. Den ti minuttar lange «Driving the Last Spike» handlar om irske rallarar på 1800-talet som var med å byggje jernbanen i Storbritannia, og dei dårlege og farlege arbeidstilhøva dei hadde. Collins skreiv om dette etter å ha lese ei bok om temaet då han var blitt spurt om å produsere ein TV-serie om dette.[2] Banks nytta ein Hammondorgel-etterlikning på sporet, eit instrument han brukte mykje tidleg i karrieren til Genesis. Den andre lange songen her, «Fading Lights», kom til frå improvisasjonar.[15] «Since I Lost You» var skriven av Collins for venen Eric Clapton. Den 20. mars 1991 mista Clapton den fire å gamle sonen Conor, etter han fall ut frå 53. etasje då mora vitja ein ven i New York City og landa på taket av ein fire etasjar høg bygning.[16] Banks og Rutherford var dei einaste i studioet den dagen, og spelte musikken dei hadde laga for Collins dagen etter. Collins sa «Eg byrja berre å syngje det du høyrer på plata» og skreiv ein tekst basert på hendinga, utan å avsløre for resten av bandet kva det handla om før han var ferdig.[6] Somme av linjene var frå ein verkeleg samtale mellom Collins og Clapton etter hendinga.[17] «Tell Me Why» kritiserer Golfkrigen og forfatninga til kurdarane etter krigen. Collins fekk ideen til songen frå ei nyhendemelding då han hadde middag med kona og dottera. «Så eg berre blanda kjenslene mine med tidlegare tankar om Bangladesh og Etiopia».[16][17]

Det seriøse materiale vart balansert av kortare og lettare songar. «I Can't Dance» var ein kritikk av modellar i jeans-reklamar på denne tida, og bygt rundt eit gitarriff av Rutherford.[18] Banks sa at det elektriske pianoet han var noko av det mest minimale han hadde spelt i og hadde tenkt på stilen han høyrde på songen «Feelin' Alright?» av Traffic frå 1968.[14] «Jesus He Knows Me» var ein parodi på ei televangelistrørsle i USA, som bandet hadde sett då dei turnerte i landet.[18] «Living Forever» omhandlar eit kynisk syn på kor oppteken samfunnet er av moderne diettar og livsstilar.[8] Den originale arbeidstittelen var «Hip-Hop Brushes» etter at Collins fekk tak i nye trommediskar for sin E-mu SP-1200 trommemaskin og laga eit hip-hop-aktig trommemønster.[14]

To songar, «On the Shoreline» og «Hearts on Fire», vart fjerna frå albumet fordi det ikkje var plass. Desse vart i staden gjevne ut som B-sider.

UtgjevingEndra

We Can't Dance kom ut 28. oktober 1991 på Atlantic Records i USA[19] og 11. november 1991 på Virgin Records i Storbritannia.[20] Albumet vart ein suksess på listene og gjekk til topps på UK Albums Chart og låg der to ulike veker frå 23. november 1991 og 22. august 1992. I USA gjekk albumet inn på fjerdeplassen på Billboard 200 veka 30. november 1991.[21] Han låg på denne lista i 72 veker.[22] Albumet inneheldt fleire hitsinglar, som «No Son of Mine», «Hold on My Heart», «I Can't Dance» og «Jesus He Knows Me»,[23] dei siste to med humoristiske videoar.

1. desember 1991 hadde albumet oppnå dobbel platinaplate i Storbritannia for 600 000 selde eksemplar. Eit år seinare var dette nådd 4x platina for 1,2 millionar eksemplar. Albumet nådde 5x platina i mars 1997 for 1,5 millionar plater.[20] I USA hadde We Can't Dance selt ein million eksemplar innan 27. desember 1991. Fem år seeinare hadde albumet oppnådd 4x platinaplate for fire millionar selde plater.[19]

We Can't Dance kom ut på ny i 2007 på SACD/DVD med nye miksar i stereo og 5.1 kringlyd, som ein del av plateboksen Genesis 1983–1998.

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [24]
Entertainment WeeklyC[25]
Rolling Stone     [26]
The Rolling Stone Album Guide     [27]

Rolling Stone kommenterte hovudsakleg tekstane på albumet. Dei kritiserte «Tell Me Why» og «Way of the World» for å vere sjellause og upersonlege samfunnskommentarar, men rekna dei fleste songane som eineståande, og oppsummerte «Sjølv om We Can't Dance ikkje heilt klarar å oppnå den sårbare ynda til Duke eller overfloda på Abacab, har Genesis likevel levert eit elegant enkelt - og til og med dristig - album.»[26] David Browne i Entertainment Weekly gav ei matt melding og sa: «På ei tid då alt er uvisst ... må du nesten beundre ei plate som We Can't Dance. ... Du veit det vil vere eit par forbigåande augneblink når bandet bryt ut av dvaletilstanden sin - til dømes på den særs høflege, primale stamparen 'I Can't Dance' – og at slike augneblink kjapt forsvinn i den musikalske kvikksanden.»[25]

AllMusic kritiserte òg tekstane på «Tell Me Why» og «Way of the World», og kalla dei «jubelsongar for ei verdsforståing som høyrest milevis unna realiteten». Men dei roste albumet for å ta ei mindre poporientert retning, og likte særleg dei upolerte «No Son of Mine», «Jesus He Knows Me» og «I Can't Dance».[24] Ultimate Classic Rock rangerte We Can't Dance som det nest dårlegaste albumet av Genesis og sa «det siste albumet til Collins med Genesis er fullt av ytst ubehageleg, overprodusert popklister; dei fleste spora høyrest ut som kasserte songar frå eit av soloalbuma hans. Når den tarvelege sjarmen i songar som 'I Can't Dance' er eit høgdepunkt, då har du store problem.»[28] Stevie Chick i The Guardian avviste albumet som «mildt».[29]

Albumet gav Genesis ein nominasjon til beste pop/rockband under American Music Awards i 1993 og to andre nominasjonar for beste Adult Contemporary-album og beste Adult Contemporary-artist. I 1993 vart albumet òg nominert til årets britiske album under Brit Awards, medan Collins vart nominert til årets britiske artist for bidraget sitt til albumet.[30]

TurnéEndra

 
Genesis på Knebworthfestivalen i 1992.

Genesis la ut på We Can't Dance-turneen som bestod av 68 konsertar i USA og Europa frå 8. mai til 17. november 1992. Dei hadde med seg dei faste scenemusikarane Chester Thompson på trommer og Daryl Stuermer på bass og gitarar.[23] Turneen markerte òg 25-årsjubileet til bandet og dei tok med ein tjue minuttar lang medley med eldre songar frå 1970-åra.[1] For første gongen sidan 1978 spelte dei ikkje «In the Cage» frå The Lamb Lies Down on Broadway (1974).[10] Scenen var laga særskild for stadion og var 60 meter brei, designa av Marc Brickman med 25 meter høge lydtårn og tre flyttbare Sony Jumbotron-skjermar som kosta fem millionar dollar. Alt i alt trengde dei 42 lastebilar til transporten.[10][1] Collins song med monitor i øyret, som gjorde at han lettare kunne syngje reint utan å «kjempe» med lyden frå bandet.[10] Turneen var den siste for Genesis med Collins før bandet kom saman att i 2006 for Turn It On Again: The Tour.

Innspelinga frå fleire av konsertane vart samla på konsertalbumet The Way We Walk, Volume One: The Shorts (1992) og The Way We Walk, Volume Two: The Longs (1993). Konserten i Earl's Court i London vart filma og gjeve ut som The Way We Walk - Live in Concert.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford

# Tittel Lengd
1. «No Son of Mine»   6:39
2. «Jesus He Knows Me»   4:16
3. «Driving the Last Spike»   10:08
4. «I Can't Dance»   4:01
5. «Never a Time»   3:50
6. «Dreaming While You Sleep»   7:16
7. «Tell Me Why»   4:58
8. «Living Forever»   5:41
9. «Hold on My Heart»   4:37
10. «Way of the World»   5:38
11. «Since I Lost You»   4:09
12. «Fading Lights»   10:16

B-siderEndra

# TittelA-side Lengd
1. «On the Shoreline»  «I Can't Dance» 4:45
2. «Hearts on Fire»  «Jesus He Knows Me» 5:15

MedverkandeEndra

Henta frå plateomslaget.[7]

Genesis

Produksjon

  • Genesis – produsent
  • Nick Davis – produsent, lydteknikar
  • Mark Robinson – produsent og lydteknikarassistent
  • Geoff Callingham – teknisk assistent
  • Mike Bowen – teknisk assistent
  • David Scheinmann/Icon Fotografi – plateomslag og kunstnarisk leiar
  • Felicity Roma Bowers – illustrasjonar

Salslister og salstroféEndra

VekeslisteEndra

Liste (1991–92) Plassering
Australske album (ARIA)[31] 8
Austerrikske album (Ö3 Austria)[32] 1
Kanadiske album (RPM)[33] 5
Nederlandske album (MegaCharts)[34] 1
Finske album (Suomen virallinen lista)[35] 2
Den franske albumlista (SNEP)[36] 2
Tyske album (Media Control)[37] 1
Ungarske album (MAHASZ)[38] 7
Italienske album (FIMI)[39] 5
Den japanske albumlista (Oricon)[40] 8
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[41] 5
Norske album (VG-lista)[42] 1
Spanske album (AFYVE)[43] 9
Svenske album (Sverigetopplistan)[44] 4
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[45] 1
Britiske album (OCC)[46] 1
US Billboard 200[47] 4

Sal og salstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[48] Platina 70 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[49] Platina 50 000x
Canada (Music Canada)[50] 4× Platina 400 000^
Finland (Musiikkituottajat)[51] Gull 25,000
Frankrike (SNEP)[52] 2× Platina 788,600[53]
Tyskland (BVMI)[54] 5× Platina 2 500 000^
Japan (RIAJ)[55] Gull 100 000^
Spania(PROMUSICAE)[56] Platina 100 000^
Sverige (GLF)[57] Platina 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[58] 4× Platina 200 000x
Storbritannia (BPI)[59] 5× Platina 1 500 000^
USA (RIAA)[60] 4× Platina 4 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

ÅrslisteEndra

Liste (1992) Plassering
Australske album (ARIA)[61] 28
Austerrikske album (Ö3 Austria Top 40)[62] 1
Tyske album (Official German Charts)[63] 1
Sveitisiske album (Schweizer Hitparade)[64] 2
UK Albums (OCC)[65] 9
US Albums (Billboard 200)[66] 13

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Rock band Genesis thrives on its 'Mega-event' shows». The Morning Call. 31. mai 1992. Henta 24. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Townsend, Martin (Desember 1991). «We Can't Dance». Vox: 12–. Henta 20. mars 2020. 
  3. Bowler & Dray 1992, s. 208, 210.
  4. 4,0 4,1 Bowler & Dray 1992, s. 217.
  5. 5,0 5,1 5,2 Graff, Gary (10. november 1991). «Genesis: Free to be secure in a group». Detroit Free Press. s. Q1, Q6. Henta 22. mars 2020 – via Newspapers.com. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Radel, Cliff (10. november 1991). «Together again». The Cincinnati Enquirer. s. K1. Henta 22. mars 2020 – via Newspapers.com. 
  7. 7,0 7,1 7,2 We Can't Dance. Virgin Records. 1991. GEN CD3/262 082. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 Genesis: We Can't Dance – Atlantic Press Kit. Atlantic Records. 1991. Henta 20. mars 2020. 
  9. Bowler & Dray 1992, s. 219.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Considine, J.D. (June 1992). «Three for the Road». Musician: 34–36, 38, 40, 42. Henta 25 February 2018. 
  11. https://www.songmeaningsandfacts.com/meaning-tell-genesis/
  12. 12,0 12,1 Fowler, Theresa (February 1992). «Rutherford's Revelations». The Guitar Magazine 1 (10): 27, 28, 30. Henta 24. mars 2020. 
  13. Bowler & Dray 1992, s. 220.
  14. 14,0 14,1 14,2 Doerschuk, Robert L. (February 1992). «Genesis: We Can't Dance» (62): 82–94. Henta 18 February 2018. 
  15. Bowler & Dray 1992, s. 220-221.
  16. 16,0 16,1 Bowler & Dray 1992, s. 221.
  17. 17,0 17,1 Morse, Steve (10. november 1991). «Latest Genesis reunion proves that democracy does work». The Boston Globe. Arkivert frå originalen 24. mars 2020. Henta 24. mars 2020 – via Newspapers.com. 
  18. 18,0 18,1 Bowler & Dray 1992, s. 221-222.
  19. 19,0 19,1 «American album certifications – Genesis – We Can't Dance». Recording Industry Association of America. Henta 24. mars 2020. 
  20. 20,0 20,1 «British album certifications – Genesis – We Can't Dance». British Phonographic Industry. Henta 24. mars 2020. 
  21. «Billboard 200: The Week of 23. november 1991». Billboard. Henta 24. mars 2020. 
  22. «Artists – Genesis – Chart History – Billboard 200». Billboard. Henta 24. mars 2020. 
  23. 23,0 23,1 Bowler & Dray 1992, s. 222.
  24. 24,0 24,1 Orens, Geoff. Album review, Allmusic.
  25. 25,0 25,1 Browne, David (15. november 1991). «We Can't Dance Review». Entertainment Weekly. Henta 21. mars 2020. 
  26. 26,0 26,1 Manning, Kara (9. januar 1992). Album Review, Rolling Stone.
  27. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 328. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  28. Allen, Jim (4. januar 2017). «Genesis Albums Ranked Worst to Best». Ultimate Classic Rock. Henta 23. mars 2020. 
  29. Chick, Stevie (3. september 2014). «Genesis: 10 of the best». The Guardian (London). Henta 24. mars 2020. 
  30. «History». BRIT Awards. 
  31. "Genesis – We Can't Dance". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  32. "Genesis - We Can't Dance" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  33. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Arkivert frå originalen 21 Oktober 2014. Henta 16 Oktober 2014. 
  34. "Genesis – We Can't Dance". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  35. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 263. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  36. Inc, Nielsen Business Media (30. mai 1992). «Billboard». Nielsen Business Media, Inc. – via Google Books. 
  37. "Top 100 Longplay". Charts.de. Media Control. Henta 24. mars 2020.
  38. lightmedia.hu. «Kereső - előadó/cím szerint - Archívum - Hivatalos magyar slágerlisták». Arkivert frå originalen 15. november 2014. 
  39. «Hit Parade Italia - ALBUM 1983». 
  40. «ジェネシスのアルバム売上ランキング». 
  41. "Genesis – We Can't Dance". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  42. "Genesis – We Can't Dance". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  43. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  44. "Genesis – We Can't Dance". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  45. "Genesis – We Can't Dance". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 24. mars 2020.
  46. november 1991 "23. november 1991 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 24. mars 2020.
  47. "Genesis Album & Song Chart History" Billboard 200 for Genesis. Prometheus Global Media.
  48. «ARIA Charts – Accreditations – 1992 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  49. «Austrian album salstrofé – Genesis – We Can't Dance» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Genesis in the field Interpret. Enter We Can't Dance in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  50. «Canadian album salstrofé – Genesis – We Can't Dance». Music Canada. 
  51. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  52. «French album salstrofé – Genesis – We Can't Dance» (på fransk). InfoDisc.  Select GENESIS and click OK
  53. «Les Albums Double Platine :» (på fransk). Infodisc.fr. Henta 13. august 2012. 
  54. «Gold-/Platin-Datenbank (Genesis; 'We Can't Dance')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  55. «Japanese album salstrofé – Genesis – We Can't Dance» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. 
  56. «Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados 1991–1995». Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano. ISBN 8480486392. 
  57. «Guld- och Platinacertifikat − År 1987−1998» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. 
  58. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Genesis; 'We Can't Dance')». Hung Medien. 
  59. «British album salstrofé – Genesis – We Can't Dance». British Phonographic Industry.  Enter We Can't Dance in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  60. «American album salstrofé – Genesis – We Can't Dance». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  61. «ARIA Charts - End Of Year Charts - Top 50 Albums 1992». 
  62. «Jahreshitparade Alben 1992» (på tysk). 
  63. «Top 100 Album-Jahrescharts». 
  64. «Swiss Year-End Charts 1992». 
  65. «Year End Charts: Top Albums». Music Week: 10. 16. januar 1993. 
  66. «Billboard 200 Albums 200».