Land of Confusion
Singel av Genesis
frå albumet Invisible Touch
B-side Feeding the Fire
Utgjeve 1986
Sjanger Poprock[1]
Lengd 4:45
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent
Genesis-kronologi
«In Too Deep»
(1986)
Land of Confusion «Tonight, Tonight, Tonight»
(1987)


«Land of Confusion» er ein rockesong av bandet Genesis frå 1986 på albumet deira Invisible Touch. Songen var den fjerde songen frå albumet som vart gjeven ut som singel og denne nådde fjerdeplassen på topplista i USA[2] og 14. plass i Storbritannia.[3] Singelen nådde åttandeplassen i Nederland. Musikken var skriven av bandet, medan gitaristen Mike Rutherford skreiv teksten.[4]

MusikkvideoEndra

Songen vart kanskje best hugsa for musikkvideoen, som vart særs mykje spelt på MTV. I videoen vert det nytta karikerte dokker av frå det britiske fjernsynsshowet Spitting Image. Etter at Phil Collins såg ein karikert versjon av seg sjølv på showet, bad han skaparane av showet, Peter Fluck og Roger Law, om å laga dokker av heile bandet som kunne nyttast i ein video.

Videoen opnar med ein karikatur av Ronald Reagan, Nancy Reagan og ein sjimpanse. Videoen følgjer draumen som Ronald Reagan har når han går og legg seg. I tillegg ser ein karikaturane av bandet som spelar på instrumenta sine på ein scene.

Videoen var regissert av John Lloyd & Jim Yukich og produsert av Jon Blair og vann den kortliva Grammyprisen for beste konseptmusikkvideo i 1988.[5] Videoen vart òg nominert til MTV Video Music Award for årets video i 1987, men tapte for «Sledgehammer», ein annan animert video av Peter Gabriel som tidlegare hadde vore frontmann i Genesis. Videoen vart kåra til årets video i The Village Voice.

Kjende folk ein kan sjå i videoenEndra

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1986–1987) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 21
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[7] 27
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[8] 14
Canada Top Singles (RPM)[9] 8
Finland (Suomen virallinen lista)[10] 18
Tyskland (Media Control AG)[11] 7
Irland (IRMA)[12] 9
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[13] 8
Nederland (Mega Single Top 100)[14] 10
New Zealand (RIANZ)[15] 9
Sverige (Sverigetopplistan)[16] 10
Sveits (Schweizer Hitparade)[17] 8
UK Singles (Official Charts Company)[18] 14
US Billboard Album Rock Tracks[19] 11
US Billboard Hot 100[19] 4
US Cash Box[20] 5
Liste (2019) Plassering
Polen (Den polske Topp 5-lista)[21] 82

ÅrslisterEndra

Liste (1987) Passering
Canada Top Singles (RPM)[22] 63
Tyskland (Official German Charts)[23] 57
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[24] 95
US Billboard Hot 100[25] 40

KonsertutgåveEndra

Songen vart spelt på alle turneane til bandet frå 1986 til 2007. Konsertopptak finst på The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live Over Europe 2007, samt DVDane Genesis Live at Wembley Stadium, The Way We Walk - Live in Concert og When in Rome 2007.

Andre versjonarEndra

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Daryl Stuermer, som spelte gitar i konsertbandet til Genesis i mange år, reggaegruppa Fourth Dimension, In Flames, Nelly Furtado, Alcazar og norske Katzenjammer.

Det amerikanske rockebandet Disturbed spelte inn songen og gav han ut på albumet Ten Thousand Fists, samt som singel med følgjande musikkvideo.


DisturbedEndra

Liste (2006) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[26] 79
US Billboard Hot Mainstream Rock Tracks[27] 1
US Billboard Modern Rock Tracks[27] 18

KjelderEndra

  1. Miller-Gould, Dodie (19. april 2018). ««Land of Confusion» by Disturbed one of the best covers of a Genesis song». LemonWire. Henta 23. mars 2020. 
  2. http://www.billboard.com/#/charts/hot-100?chartDate=1987-01-31
  3. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.
  4. Prasad, Anil. «Genesis: Turning it on again». Innerviews. Henta 20. oktober 2012. 
  5. 1988 Grammy Awards information. About.com. Henta. mars 4, 2006.
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. "Genesis – Land Of Confusion – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 23. mars 2020.
  8. "Ultratop.be – Genesis – Land Of Confusion" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 23. mars 2020.
  9. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 23. mars 2020.
  10. Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  11. "Genesis - Land Of Confusion". Charts.de. Media Control. Henta 23. mars 2020.
  12. "The Irish Charts – Search Results – Land of Confusion". Irish Singles Chart. Retrieved 23. mars 2020.
  13. "Nederlandse Top 40 – Genesis Land Of Confusion search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 23. mars 2020.
  14. "Dutchcharts.nl – Genesis – Land Of Confusion" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 23. mars 2020.
  15. "Charts.org.nz – Genesis – Land Of Confusion". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 23. mars 2020.
  16. "Swedishcharts.com – Genesis – Land Of Confusion". Topp 60. Hung Medien. Henta 23. mars 2020.
  17. "Genesis – Land Of Confusion – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 23. mars 2020.
  18. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 23. mars 2020.
  19. 19,0 19,1 «Genesis – Awards». AllMusic. Henta 23. mars 2020. 
  20. «CASH BOX Top 100 Singles – Week ending JANUARY 31, 1987». Cash Box. Arkivert frå originalen 6 Oktober 2012. 
  21. "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV. Henta 19 Mars 2019.
  22. «Top 100 Singles of '87». RPM 47 (12). 26 Desember 1987. Henta 23. mars 2020. 
  23. «Jahrescharts – 1987» (på tysk). Offiziellecharts.de. GfK Entertainment Charts. Arkivert frå originalen 9. mai 2015. 
  24. «Top 100-Jaaroverzicht van 1987» (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40. Henta 23. mars 2020. 
  25. «Top 100 Hits for 1987». The Longbored Surfer. Henta 23. mars 2020. 
  26. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 23. mars 2020.
  27. 27,0 27,1 «Disturbed – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 23. mars 2020. 

BakgrunnsstoffEndra