Jet av Wings
Jet Singel av Paul McCartney and Wings frå albumet Band on the Run | ||
B-side |
«Let Me Roll It» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. januar 1974 (USA) 15. februar 1974 (Storbritannia) | |
Innspelt | September 1973 | |
Sjanger | Rock,[1][2] powerpop[3] | |
Lengd | 4:07 | |
Selskap | Apple Records | |
Komponist | Paul McCartney, Linda McCartney | |
Tekstforfattar | Paul McCartney, Linda McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney, Linda McCartney | |
Produsent | Paul McCartney | |
Paul McCartney and Wings-kronologi | ||
«Mrs. Vandebilt» (1974) |
Jet | «Band on the Run» (1974)
|
«Jet» er ein song av Paul McCartney and Wings frå albumet Band on the Run i 1973. Det var den første singelen frå albumet. Tittelen var inspirert av den kolsvarte (jet black på engelsk) labradoren til McCartney. Namnet på hunden var òg Jet.
Songen nådde sjuandeplassen på både den britiske og amerikanske singellista den 30. mars 1974, og gjekk inn på lista i fleire land i Europa. Han har sidan kome ut på mange samlealbum og er ein av dei mest kjende songane til gruppa.
Medan det meste av Band on the Run vart spelt inn i Lagos i Nigeria, vart heile «Jet» spelt inn i EMI Studios i London etter gruppa kom heim att.
Songen er oppført i boka til Dave Marsh over dei 1001 beste singlane gjennom tidene, som nummer 793.[4]
Det australske rockebandet Jet er kalla opp etter songen.[5]
Medverkande
endre- Paul McCartney – solovokal, gitar, bassgitar, trommer
- Linda McCartney – korvokal, klaverinstrument
- Denny Laine – korvokal, gitar
- Howie Casey – saksofon
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Andre versjonar
endre- Det skotske glamrockbandet Iron Virgin gav ut ein versjon i 1974 på singel.
- Boston-bandet Big Dipper gav ut ein versjon på singel i 1989.
- California-bandet Jellyfish spelte songen og gav han ut som bonusspor for albumet Bellybutton.
- Foo Fighters spelte inn ein versjon i februar 2000 som skulle nyttast for eit hyllestalbum til Paul McCartney, men albumet vart aldri noko av. Sidan har dei spelt songen på fleire av konsertane sine
- J-Pop-trioen Shonen Knife' spelte songen i 2008 på albumet deira Super Group.
- Robin Zander og Rick Nielsen frå Cheap Trick spelte songen i 2014 på albumet The Art of McCartney.
Sampling
endre- «Jet» vart sampla på songen «Self Made» på Maybach Music Group-albumet Self Made Vol. 1.
- «Jet» vart sampla på songen «He Don't Get a Thing» av Hostyle Gospel på albumet Five Star Generals.[14]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jet (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Wingspan
- ↑ Mason, Stewart. «Review of "Jet"». AllMusic.
- ↑ Graham Reid. «Paul McCartney And Wings: The solo career that faltered, flew then faltered». Elsewhere.co.nz. Henta 19. mai 2018.
- ↑ Dave Marsh (1999). The heart of rock & soul: the 1001 greatest singles ever made. Da Capo Press. s. 505.
- ↑ Maybe, Brad. «Clear For Takeoff: Jet Gets Ready To Get Born» CMJ New Music Report 8. september 2003: 7
- ↑ «Belgian Chart». Ultratip.be/nl. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Canadian Chart». Collectionscanada.gc.ca. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «charts.de». GfK Entertainment. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Japanese Chart». Nifty.com. Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Dutchcharts.nl Paul McCartney discography». Hung Medien. MegaCharts. Henta 19. mai 2018.
- ↑ Flavour of New Zealand, 4. mai 1974
- ↑ «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Paul McCartney Charts and Awards». AllMusic. Henta 19. mai 2018.
- ↑ «Sampled». Whosampled.com. Henta 19. mai 2018.