Denny Laine
Denny Laine (fødd Brian Frederick Arthur Hines, 29. oktober 1944) er ein engelsk musikar og låtskrivar. Han var gitarist og frontmann i The Moody Blues på debutalbumet deira The Magnificent Moodies i 1965 og seinare mest kjend for å ha starta bandet Wings i lag med Paul og Linda McCartney. Laine vart verande i Wings til dei gav seg i 1981.
Denny Laine | |||
Denny Laine på scenen med Wings i 1976. | |||
Fødd | 29. oktober 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tyseley | ||
Død | 5. desember 2023 (79 år) | ||
Dødsstad | Naples | ||
Fødenamn | Brian Frederick Arthur Hines | ||
Alias | Denny Laine | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1957 til i dag | ||
Sjanger | Rock and roll, blues-rock, R&B, jazzfusion | ||
Instrument | Vokalar, gitar, bass, tangentinstrument, fløyte, munnspel, fiolin | ||
Tilknytte artistar | Paul McCartney, Wings, The Moody Blues, Mike Pinder, Ginger Baker's Air Force, Eddie Hardin, Maggie Bell, Colin Blunstone, World Classic Rockers, Linda McCartney. | ||
Plateselskap | Decca, Wizard, Reprise, EMI, Arista, Takoma, Scratch, President, Griffin, Global | ||
Verka som | Musikar |
Biografi
endreLaine har bakgrunn frå Romanifolket. Han vart fødd i Tyseley i Birmingham og fekk utdanning ved Yardley Grammar School i Birmingham. Då han opptredde første gongen var han 12 år gammal etter å ha byrja å spele gitar i ung alder etter å ha vorte inspirert av Django Reinhardt. Han byrja ein karriere som profesjonell musikar i ei gruppe kalla Denny and the Diplomats der éit av medlemmane var den framtidige trommeslagaren i gruppene The Move og Electric Light Orchestra, Bev Bevan.
I 1964 forlét Laine Denny and the Diplomats for å bli med i The Moody Blues, og han song på den største hita deira «Go Now». Tida hans med bandet vart derimot kortvarig, og etter ei tid med fleire mislukka utgjevingar slutta han.
Han danna deretter gruppa Denny Laine's Electric String Band med seg sjølv på gitar og song, Trevor Burton (òg gitar og framtidig medlem av The Move), og Viv Prince (trommer). Gruppa nytta elektriske strykarar i eit opplegg som ikkje var ulikt til det Electric Light Orchestra seinare skulle gjere til varemerket sitt. Gruppa gjorde to singlar, «Say You Don't Mind / Ask The People» (april 1967) og «Too Much In Love / Catherine's Wheel» (januar 1968); og i juni 1967 delte dei ei framsyning med The Jimi Hendrix Experience og Procol Harum i London, men den nasjonale heideren uteblei og sjølv om bandet var ein pioner i sjangeren sin vart det oppløyst.
Med Wings fekk Danny Laine den største suksessen sin og overgjekk òg The Moody Blues-utgjevinga av «Go Now». Han hjelpte Paul McCartney å skrive store songar som blant anna «Mull of Kintyre». Saman med kona til McCartney Linda McCartney danna Laine grunnstamma i bandet, og både song og spelte rytmegitar, bass, tangentinstrument forutan å kore og stundom òg synge solovokal.
Laine-songen frå 1967, «Say You Don't Mind», vart ein hit då han vart innspelt i 1972 av tidlegare medlem av The Zombies, Colin Blunstone.
I januar 1980 hadde Wings planlagt ein turne i Japan, men då dei kom på flyplassen vart McCartney arrestert for å ha med seg marijuana. Turnen vart kansellert og tilhøvet til McCartney kjølna og vart bittert. I 1982 utgav han songen «Japanese Tears» som var eit åtak på MCartney, tilsvarande John Lennon sin «How Do You Sleep?» i 1971. Laine flaug deretter lågt. På midten av 1980-talet måtte han erklære seg personleg konkurs. Han hadde då tidlegare selt sine lukrative rettar til songen «Mull of Kintyre» til McCartney. Han fortsette å utgje musikk og har opptredd på Beatles-festivalar og på hyllester til The Beatles og Wings. For tida bur han i USA.
Han var kortvarig gift med Jo Jo Laine (13. juli 1953-29. oktober 2006) og fekk ei dotter, Heidi, med henne.
Diskografi
endreThe Moody Blues
endreÅr | Album |
---|---|
1965 | The Magnificent Moodies |
Ginger Baker's Airforce
endreÅr | Album |
---|---|
1970 | Ginger Baker's Air Force |
Ginger Baker's Air Force 2 |
Wings
endreÅr | Album |
---|---|
1971 | Wild Life |
1973 | Red Rose Speedway |
Band on the Run | |
1975 | Venus and Mars |
1976 | Wings at the Speed of Sound |
Wings Over America (trippelt konsertalbum) | |
1978 | London Town |
1979 | Back to the Egg |
Solo album
endreÅr | Album | Selskap |
---|---|---|
1973 | Ahh...Laine | Wizard/Reprise (US) |
1976 | Holly Days | EMI/Capitol (US) |
1981 | Japanese Tears | Polydor/Scratch |
1982 | Anyone Can Fly | Polydor/Scratch |
1985 | Hometown Girls | President |
1986 | Wings On My Feet | President |
1988 | Lonely Road | President |
Master Suite | Magnum Force | |
1990 | All I Want Is Freedom | JAWS |
1996 | Reborn | Griffin/Scratch |
Wings At The Sound Of Denny Laine | Scratch/Purple Pyramid (US) | |
1998 | Arctic Song | Ribble Records |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Denny Laine» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2012.