Jimmy Nicholl
James Michael Nicholl, kjend som Jimmy Nicholl, (fødd 28. desember 1956) er ein nordirsk fotballtrenar og -spelar, fødd i Canada og oppvaksen i Nord-Irland. Han spelte på Manchester United i tida 1974-81 og var åra 1976-86 aktiv i 73 landskampar for Nord-Irland.
Jimmy Nicholl i 1994 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | James Michael Nicholl | ||
Fødd | 28. desember 1956 (67 år) | ||
Fødestad | Hamilton i Ontario i Canada | ||
Høgd | 175 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag |
Dundee (assisterande trenar) Nord-Irland (assistenttrenar) | ||
Ungdomsklubbar | |||
1971–1974 | Manchester United | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1974–1982 | Manchester United | 197 | (3) |
1982 | → Sunderland (lån) | 3 | (0) |
1982 | Toronto Blizzard | 16 | (3) |
1982–1983 | Sunderland | 29 | (0) |
1983–1984 | Toronto Blizzard | 49 | (8) |
1983–1984 | Rangers | 17 | (0) |
1984–1986 | West Bromwich | 56 | (0) |
1986–1989 | Rangers | 58 | (0) |
1989–1990 | Dunfermline Athletic | 24 | (0) |
1990–1996 | Raith Rovers | 128 | (6) |
1996 | Bath City | 1 | (0) |
Totalt | 577 | (20) | |
Landslag | |||
1976–1986 | Nord-Irland | 73 | (1) |
Trenar for | |||
1990–1996 | Raith Rovers (spelar-manager) | ||
1996–1997 | Millwall | ||
1997–1999 | Raith Rovers | ||
2010–2011 | Cowdenbeath | ||
2013 | Hibernian (midlertidig) | ||
2013–2015 | Cowdenbeath | ||
2018 | Rangers (midlertidig) | ||
2019– | Dundee (assistenttrenar) | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreNicholl fekk sin ligadebut då Manchester United i 1974/75-sesongen spelte i 2. divisjon. Han var ikkje med då klubben hans i 1976 gjekk på eit overraskande tap i finalen i FA-cupen. Derimot var han med i den sigerrike finalen i FA-cupen 1977 mot Liverpool FC, dessutan deltok han då Arsenal FC vart for sterke og vann FA-cupfinalen 1979 med 3 mål mot United sine 2. Innan hausten 1981 rakk Nicholl å yte sitt i 197 ligakampar og skåre 3 ligamål for United.
Under ny lagsjef i Manchester United hamna Nicholl på innbytarbenken. Perioden 1982-90 vandra han att og fram mellom klubbar som Sunderland FC, kanadiske Toronto Blizzard, og skotske Rangers FC, Dunfermline og til sist Raith Rovers. I den sistnemnde klubben var han spelande trenar frå 1990 til -96. Her opplevde han at Raith den 27. november 1994 vann den skotske ligacupen, etter å ha sigra over Celtic FC, eit oppgjer avgjort med straffetevling.
Landslagsspel
endreNicholl spelte vanlegvis høgreback på det nordirske landslaget, vart også nytta på stopparplass. Han debuterte i mars 1976 i ein vennskapskamp mot Israel i Tel Aviv. Sidan var han med då Nord-Irland vann den britiske landslagsmeisterskapen i 1979, ein triumf han var med å gjenta fem år seinare, i den 100. og aller siste turneringa mellom landslaga i Storbritannia. Nicholl spelte alle kampane til Nord-Irland då laget tok seg til kvartfinalane under Fotball-VM 1982 i Spania. Også i VM i fotball 1986 i Mexico var han fast høgreback. Den 12. juni 1986 i Guadalajara kom avskjeden med landslaget, der Brasil med siger 3-0 eliminerte Nord-Irland frå resten av turneringa. Han skåra eitt landslagsmål.
Merittar
endre- Vinnar av FA-cupen:1977 med Manchester United
- Tap i FA-cupen: 1979 med Manchester United
- Vinnar av den skotske ligacupen: 1994 med Raith Rovers
- Britisk meister: 1979 og 1984: for Nord-Irland
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jimmy Nicholl» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2019.