Opna hovudmenyen

Joël Bats

fransk fotballspelar

Joël Bats (fødd 4. januar 1957) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Mont-de-Marsan. Han vart europameister med Frankrike i 1984 og vann VM-bronse i 1986.

Joel Bats
Joël Bats.jpg
Personleg informasjon
Fødselsdato 4. januar 1957 (62 år)
Fødestad Mont-de-Marsan i Frankrike
Høgd 178 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1974-1976 Sochaux B
1976-1980 Sochaux 66 (0)
1980-1985 Auxerre 184 (0)
1985-1992 PSG 254 (0)
Landslag
1983-1989 Frankrike 50 (0)
Trenar for
1992-1994 PSG (målvaktstrenar)
1994-1996 PSG (assistenttrenar)
1998-1999 Châteauroux
2016-2017 Lyon (målvaktstrenar)
2018- Montreal Impact (målvaktstrenar)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

Bats var frå 1974 til -80 i stallen til Sochaux. Etter seks sesongar med mykje benkesliting gjekk han over til nyopprykte AJ Auxerre, der han snøgt vart fyrstemålvakt og elles lagt merke til. Sommaren 1984 vart han overført til Paris Saint-Germain. I sin andre sesong med laget frå Paris var han med å vinne klubbens aller fyrste seriegull. Bats vart verande i PSG til han la opp som profesjonell i 1992.

LandslagsspelEndra

Frå hausten 1983 til -89 vakta Bats Frankrikes mål i 50 landskampar. Under EM i fotball 1984 på franske heimebaner tok han plass mellom stengene i alle Frankrikes kampar. Han var såleis med på det franske fotballandslaget sin største triumf til dess, sigeren i EM-finalen på Parc des Princes i Paris 27. juni 1984. Også i Fotball-VM 1986 i Mexico var Bats fyrstemålvakt. I den meisterskapen utmerkte han seg særleg i kvartfinalen mot Brasil, der han på stillinga 1-1 redda eit straffespark frå Zico.

MerittarEndra

  • Europameister: 1984 med Frankrike
  • VM-bronse: 1986 med Frankrike
  • Fransk seriemeister: 1986 med Paris Saint-Germain

KjelderEndra