Joar Nango
Joar Nango (fødd i 1979) er ein norsk samisk kunstnar og arkitekt frå Alta.[1]
Joar Nango | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. april 1979 (45 år) Alta |
Yrke | forfattar, musikar, filmprodusent, arkitekt |
Joar Nango er son av Nils-John Nango frå Masi. Han utdanna seg ved Nansenskolen på Lillehammer 1998–1999, på Asker Kunstskole i Oslo 1999–2001 og til arkitekt 2002–2008 på Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim.[2] Han studerte også skulptur og biletkunst på Kunsthochschule Berlin-Weissensee 2005–2006.
Seinare busette Nango seg i Tromsø.[2] Han var med på skipa arkitektkollektivet Fellesskapsprosjektet å Fortette Byen (FFB) i 2010.[3] Det blei nominert av Norsk Form til prisen for yngre arkitektar i 2012.[2]
Verket til Nango tek for seg møte mellom kunst, design og arkitektur. Han har særleg fatta interesse for evna til improvisasjon[1] og kreativitet som er knytt til nomadisme og uformelle konstruksjonar i nord.[2]
Han deltok i documenta 14 i Aten og Kassel 2017[3] med installasjonen og performanceverket European Everything.
Offentlege verk i utval
endre- Fijfere, Vanás, Giedgi, eller Vril, Båt, Sten, bjørkekåter, gråstein, gammal trebåt, njalla, lyd, 2018, Giella förskola, Jokkmokk (saman med lydkunstnaren Anders Rimpi, fødd 1973)[4]
- Girjegumpi, 2018, nomadisk konsturksjon med bibliotek og arkiv, vist i Harstad i 2018, vintermarknaden i Jokkmokk, National Museum of Canada, Festspelutstillinga i Bergen Kunsthall og stasjonert ved Samisk senter for samtidskunst i Karasjok.[5]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Joar Nango», www.documenta14.de (på engelsk), henta 13. mai 2022
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Joar Nango», Art Ii Biennial (på engelsk), 6. februar 2018, henta 13. mai 2022
- ↑ 3,0 3,1 «Joar Nango», trondheimkunstmuseum.no (Trondheim kunstmuseum), henta 11. november 2023, «Nango var festspillutstiller ved Bergen Kunsthall 2021 og viste prosjektet «Girjegumpi Samisk arkitekturbibliotek / Sámi arkitektuvragirjerájus» på Nasjonalmuseet for arkitektur i Oslo i2021/21. Nango deltok også på Documenta 14. i 2017.»
- ↑ Om Fijfere, Vanás, Giedgi på Statens konstråds webbplats, 2018
- ↑ «Girjegumpi. Samisk arkitekturbibliotek», Nasjonalmuseet (på norsk bokmål), henta 13. mai 2022
- Delar av denne artikkelen bygger på «Joar Nango» frå Wikipedia på svensk, den 13. mai 2022.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Om Joar Nango ved documenta 14
- Om Joar Nango och Anders Rimpi Arkivert 2020-09-25 ved Wayback Machine. på Statens konstråds webbplats, 2018
- 21. desember – Joar Nango på www.kunstkritikk.se