Opna hovudmenyen

Joar Vaadal (fødd 2. august 1960) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Steinkjer som vart både cup- og seriemeister med Lillestrøm Sportsklubb, og spelte 10 landskampar i åra 1984-86.

Joar Vaadal
Fødd 2. august 1960
Steinkjer
Yrke fotballspelar

Vaadal var angrepsspelar på Steinkjer IFK, eit topp andredivisjonslag tidleg i 1980-åra. Han var toppskårar då laget i 1983-sesongen enda på tredjeplass i B-avdelinga, og dermed mislukkast i å rykke opp i 1. divisjon.

Vaadal valde då å skifte beite. Dei fire sesongane 1984–87 var han Lillestrøm-spelar, der han på 77 seriekampar skåra 25 mål. I Lillestrøm danna han spisspar saman med André Krogsæter, mellom anna i cupfinalen i 1985, då Lillestrøm vann 4-1 over Vålerenga og Krogsæter skåra alle måla. Året etter vart Vaadal seriemeister med romeriksklubben.

Frå juni 1984 til mai 1985 deltok Vaadal i ni landskampar for Noreg. Dei to landslagsmåla han skåra, kom begge i OL-kampen mot Qatar i Boston 2. august 1984. Noreg vann 2-0. Han fekk sin tiande og siste kamp då han var innbytar i ein OL-kvalifiseringskamp mot Sovjetunionen i oktober 1986.

MerittarEndra

  • Noregsmeister: 1985 med Lillestrøm SK
  • Seriemeister: 1986 med Lillestrøm SK

KjelderEndra