Joel Bernstein (fødd i 1952) er ein USA-amerikansk fotograf, gitarist og plateprodusent. Fotografia hans har vore på ei rekkje plateomslag, som After the Gold Rush,[1] 4 Way Street, Rita Coolidge, Wind on the Water, Running on Empty, CSN, Bob Dylan at Budokan, Rust Never Sleeps, Shadows and Light og Hard Promises. Fotografia hans er blitt publiserte i Time, The New York Times og Rolling Stone, blant fleire,[2][3] og bileta hans har vore utstilte i New York City, San Francisco, Los Angeles og London.[4][5] Som gitarist er han mest kjend for å ha spelt med venene sine David Crosby og Graham Nash, både kvar for seg og på Crosby & Nash-platene deira. Han var òg produsent og arkivar med Nash for Crosby, Stills, Nash & Young.[6]

Joel Bernstein
Fødd1952 (68 år)
OpphavUSA
AktivSidan 1968
SjangerRock and roll
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarCrosby, Stills, Nash & Young
Verka somFotograf, musikar, plateprodusent

KjelderEndra

  1. Egan, Bob. «After the Gold Rush by Neil Young - Album Cover Location». Pop Spots NYC. Henta 15. januar 2019. 
  2. «Neil Young, San Francisco, CA 1978». Morrison Hotel Gallery website. Henta 15. januar 2019. 
  3. «About Joel Bernstein». Joel Bernstein website. Henta 15. januar 2019. 
  4. «Neil Young - Joel Bernstein & Henry Diltz». Morrison Hotel Gallery website. Henta 15. januar 2019. 
  5. «Neil Young: photographs by Joel Bernstein». Snap Galleries website. Henta 15. januar 2019. 
  6. Wheeler, Brad (27. juli 2014). «'The music was beautiful ... but it was a tour of excesses': Graham Nash». The Globe and Mail. Henta 18. august 2014.