Johan Gørbitz (8. september 17823. juli 1853) var ein norsk målar.

Johan Gørbitz

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. september 1782
Bergen
Død

3. juli 1853 (70 år)
Fristaden Christiania, Christiania

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Mor Lucia Pytter
Johan Gørbitz på Commons

Bakgrunn og virke endre

Gørbitz var fødd 8. september 1782 i Sandviken ved Bergen. I 1798 blei han send til København for å utvikla dei kunstnariske evnene sine, som han tidleg hadde lagt for dagen. I 1802 måtte han avbryta studiane ved kunstakademiet, og vende heim til Bergen, der han verka som portrettmålar fram til 1805. 1805–1807 var han igjen i København for å fortsetja utdanninga, men reiste så til Dresden og vidare til Wien, der portrettet hans av den danske chargé d'affairen Nissen vekte stor merksemd og skaffa han mange bestillingar. I 1809 flytta han til Paris, der han vart verande i mange år som populær portrettmålar. Fyrst i 1836 vende han tilbake til Noreg, og busette seg då i Christiania, der han levde tilbaketrekt resten av livet.

Gørbitz er særleg kjent for portretta sine av Niels Henrik Abel og Camilla Collett. Gørbitz gate i Sandviken i Bergen og i Oslo er oppkalla etter han.

Galleri endre

Kjelder endre