Johan Holmesland

stortingsrepresentant

Peder Johan Pedersson Holmesland (4. januar 18331. mai 1914) var ein norsk gardbrukar, utskiftingsmann og stortingsmann frå Holum i Vest-Agder. Søren Jaabæk og Simon Holmesland var brørne hans.

Johan Holmesland
Fødd4. januar 1833
Holum kommune
Død1. mai 1914 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Holmesland gjekk 1850-52 landbruksskulen i Lister og Mandals amt. Han var 1853-57 amtsagronom i engvatning i Lister og Mandals amt, sidan utskiftingsformann i amtet frå 1859 til 1908. Han var gardbrukar i Søgne 1863-92.

1879-87 var Holmesland medlem av heradsstyret i Holum, 1892-94 formann i amtsskattekommisjonen. Åra 1892-1904 formann i kommunikasjonskomiteen Kristiansand-Eigersund, og var også formann i fellesskomiteen for vestlandsbanen. Elles var han medlem av ei rekke av offentlege komitear og utval, mellom anna formann i Verdalskomiteen frå 1900.

Johan Holmesland representerte Lister og Mandals amt på Stortinget frå 1880 til 1891. Han var i 1880-82 medlem av justiskomiteen, dei neste to valperiodane av vegkomiteen. Holmesland var også medlem av vegkomiteen i 1889, og formann i same 1890-91. Denne siste perioden hans på Stortinget, 1889-91, var han også medlem av valkomiteen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre