Johan Knudzen Nødbæk

Johan Frederik Knudzen Nødbæk (25. august 178726. februar 1871) var ein norsk gardbrukar, trelasthandlar, ordførar og stortingsmann frå Holum i Vest-Agder.

Johan Knudzen Nødbæk
Fødd 25. august 1787
Holum
Død

26. februar 1871 (83 år)
Holum

Yrke politikar, bonde

Nødbæk var son til ein gardbrukar i Holme. I 1808 vart han kommandert i krigsteneste i Kristiansand, og var med til krigen var over. Han tok over farsgarden i 1814, attåt dreiv han med trelasthandel. Han var 1837-53 medlem av heradsstyret i Holme, i nokre år var han ordførar. Medlem av forlikskommisjonen.

Nødbæk representerte Lister og Mandals amtStortinget i 1842 og 1845. Han var medlem av Lagtinget og konstistusjonskomiteen, i 1845 også av lovkomiteen. Han vart utskoten or riksretten 1845.

Han døydde på garden sin i 1871.

KjelderEndra