Johan Meyer
Johan Joachim Meyer (29. oktober 1860–23. januar 1940) var ein norsk arkitekt og registrator av eldre byggekunst.
Johan Meyer | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. oktober 1860 Bømlo kommune |
Død |
23. januar 1940 (79 år) |
Yrke | professor, arkitekt, fotograf |
Johan Meyer på Commons |
Prestesonen Meyer var fødd i Bømlo. Etter å ha gått Trondhjems Tekniske Læreanstalt utdanna han seg vidare i Hannover og var frå 1885 lærar på Statens handverks- og kunstindustriskule i Kristiania. Frå 1910 til 1933 var han professor i ornamentikk og formlære ved Norges tekniske høgskole i Trondheim.
Meyer er særleg kjend for sine studiar i gammal norsk byggeskikk og handverk. 1899-1905 gav han ut trebandsverket Norsk træskjærerkunst. Etter ei studieferd til Orknøyane gav han og Lorentz Dietrichson ut Monumenta Orcadica i 1906. Frå 1908 gav Meyer ut ei rekke bøker i serien Fortids kunst i Norges bygder, eit verk som vart avslutta med band 19 i 1942. Gjennom penneteikningar, akvarellar gav han i dette verket att oppmålingar og husbunad frå bygder i Telemark, Numedal, Østerdalen, Gudbrandsdalen og Sunndalen.
Frå 1905 til 1930 var Meyer formann i tilsynsnemnda for restaureringsarbeidet på Nidarosdomen. I den samanheng skreiv han boka Kristkirken i Nidaros, utgjeven 1914. Han skreiv òg bolkar i Norsk Kunsthistorie (1925).
Han døydde i Askim.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958