Turneringsformatet var endra frå dei føregåande VM-turneringane. Som tidlegare vart dei 16 deltakarlanda delt i fire innleiingsgrupper, og der dei to beste laga i gruppene gjekk vidare til mellomspel. Dei attverande åtte laga, gruppevinnarane Aust-Tyskland, Jugoslavia, Nederland og Polen og gruppetoarane vart Vest-Tyskland, Brasil, Sverige og Argentina, vart så delt i to grupper. Vinnarane av dei mellomspelgruppene møttest så til finale, toarane i desse gruppene spelte bronsefinale. Nederland vann gruppe 1 framom Brasil, medan Vest-Tyskland sigr ai gruppe 2 framom Polen. I bronsekampen vann Polen 1-0 over Brasil.
Finalen mellom Nederland og Vest-Tyskland fann stad på Olympiastadion i München den 7. juli.
Nederland, som gjennom meisterskapen hadde imponert med sin såkalla totalfotball, tok leiinga på eit straffespark i det andre minuttet av kampen, etter at Johan Cruijff vart felt. Johan Neeskens var sikker eksekutør. Målet kom før nokon vesttysk spelar hadde vore borti ballen. I det 25. minutt utlikna Paul Breitner, også han på straffespark. Desse to straffane var dei fyrste i ein VM-finale. Kampen vart avgjord i det 43. minutt då den tyske mistspissen Gerd Müller netta frå kort hald.