Johan Remen Evensen

Johan Remen Evensen (fødd 16. september 1985) er ein norsk, tidlegare skihoppar som er medlem av Molde og Omegn Idrettsforening. Evensen er opphavleg frå Alsvåg i Øksnes kommune i Nordland, voks opp i Molde.

Johan Remen Evensen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. september 1985 (38 år)
Hadsel
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopp under Vinter-OL 2010 – Lag

Evensen er særleg kjend for dei to verdsrekordane i skiflyging som han sette 11. februar 2011 i Vikersundbakken. Han hoppa først 243 meter, fire meter over verdsrekorden, for seinare på kvelden å hoppe 246,5 meter.

Aktiv endre

Evensen debuterte i verdscupen med 10. og 12. plass i Trondheim]] i desember 2008. 13. desember vart han nummer 7 i verdscuprennet i Pragelato i Italia, og dagen etter kom han på tredjeplass same stad i eit renn med berre ein omgang, under vanskelege verforhold. 14. februar 2009 vart han igjen nummer 3 i eit verdscuprenn, i skiflygingsbakken i Oberstdorf i Tyskland.

Evensen lukkast aldri i dei individuelle tevlingane under dei store meisterskapane. Derimot var han med på fire av dei fem norske medaljelaga i åra 2009-2011; under ski-VM 2009, vinter-OL 2010, skiflygings-VM 2010 og ski-VM 2011. Han fekk då med seg tre sølvmedaljar og ein bronsemedalje, alle medaljane vann han saman med Anders Bardal og Anders Jacobsen. Dessutan var Tom Hilde med på tre av medaljelaga, medan Bjørn Einar Romøren kompletterte skiflygingslaget som tok VM-sølv i 2010.

Evensen la opp i 2012, etter å ha slite med å halde nede kroppsvekta.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • Ski-VM 2009 i Liberec: Sølvmedalje i laghopping, nr 27 i normalbakken
  • Vinter-OL 2010 i Vancouver: Bronsemedalje i laghopping, nr 15 i storbakken
  • VM i skiflyging 2010 i Planica: Sølvmedalje i laghopping, nr 18 individuelt
  • Ski-VM 2011 i Oslo: Sølvmedalje i laghopping i storbakken. Nr 14 i det individuelle storbakkerennet

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

  • 2009: To tredjeplassar i Pragelato og Oberstdorf (skiflyging)
  • 2010: Tredjeplass i Oberstdorf (skiflyging)
  • 2011: Siger i Vikersund og to andreplassar; Lillehammer og Vikersund
  • 2012: Nr 9 i Bad Mitterndorf (skiflyging)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

  • 2009: Nr 12 i storbakken på Lillehammer
  • 2010: Bronsemedalje i storbakken i Trondheim
  • 2011: Bronsemedalje i normalbakken i Sprova
  • 2012: Nr 18 i normalbakken i Trondheim

Kjelde endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre