Anders Jacobsen
Anders Jacobsen (fødd 17. februar 1985) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Hønefoss som representerer Ringkollen SK. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 2006/07. I fire ulike verdsmeisterskap vann han til saman sju medaljar. Jacobsen vart norsk meister i normalbakken 2007 og 2012 og i storbakkken i 2008, 2010, 2011 og 2015.
Anders Jacobsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. februar 1985 (39 år) Hønefoss |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 2014, Skihopp under Vinter-OL 2010 – Lag |
Karriere
endreJacobsen debuterte i verdscupen 24. november 2006 i Kuusamo, Finland, der han overraskande vart nummer tre. Framgangen heldt fram, i desember vann han eit renn i Engelberg. Vel ein månad etter gjennombrotet vart 21-åringen vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka 2006/07, etter å ha gått til topps i to av renna. Seinare i januar vann han eit renn i Willingen. Sesongen under eitt vart han nummer to i verdscupen, bak Adam Malysz.
I gjennombrotssesongen 2007 vann han altså i fire renn i verdscupen, seinare sigra han i eitt renn i 2008 og eitt i 2010. Elles i verdscuprenn erobra han elleve andreplassar og seks tredjeplassar. Si einaste individuelle VM-medalje, ein bronse, vann han i storbakken i Liberec i 2009. I lagtevlingar vann han tre sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar i til saman fire ulike verdsmeisterskap.
Jacobsen melde i juni 2011 atha la hoppskia på hylla, då han hadde gått lei all treninga. Lysta til skihopping kom tilbake vinteren 2012. Fyrst vart han nummer seks i storbakke-NM i Trondheim, før han i slutten av mars tok eit soleklart NM-gull på Voss. I sin siste sesong sikra Jacobsen seg sitt sjette NM-gull då storbakkerennet under Ski-NM 2015 vart avvikla i Holmenkollen.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap
endre- Ski-VM 2007 i Sapporo: Sølvmedalje i lagtevlinga i stor bakke
- VM i skiflyging 2008: Bronsemedalje i lagtevlinga
- Ski-VM 2009 i Liberec: Bronsemedalje i stor bakke
- Vinter-OL 2010 i Vancouver: Nr 9 i normalbakken. Med på begge bronselaga i lagtevlingane
- Ski-VM 2011 i Oslo: Nr 9 i stor bakke. Med på begge sølvlaga
Besteplasseringar i internasjonale renn/verdscupen
endre- 2006/07: Fire sigrar (Engelberg, Innsbruck, Bischofshofen, Willingen), fem andreplassar og to tredjeplassar
- 2008: Siger i Liberec, ein andreplass og tre tredjeplassar
- 2009: Tre andreplassar og ein tredjeplass
- 2010: Vinnar av skiflygingsrenn i Oberstdorf, ein andreplass og ein tredjeplass
- 2011: Nr 4 i Garmisch-Partenkirchen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 2006: Nr 4 i normalbakken i Heddal
- Ski-NM 2007: Gullmedalje i normalbakken i Molde, sølvmedalje i storbakken på Lillehammer
- Ski-NM 2008: Gullmedalje i storbakken og sølvmedalje i normalbakken, begge renna i Trondheim
- Ski-NM 2009: Nr 4 i storbakken på Lillehammer
- Ski-NM 2010: Gullmedalje i storbakken i Trondheim
- Ski-NM 2011: Gullmedalje i storbakken i Oslo
- Ski-NM 2012: Gullmedalje i normalbakken på Voss
- Ski-NM 2013: Bronsemedalje i normalbakken og i storbakken på Rena
- Ski-NM 2014: Nr 9 i storbakken på Lillehammer
- Ski-NM 2015: Gullmedalje i storbakken i Oslo
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Anders Jacobsen – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Anders Jacobsen i olympedia.org