Johann Roppen
Johann Roppen (fødd 29. juni 1967 i Bergen) er ein norsk professor i journalistikk. Han var rektor ved Høgskulen i Volda frå 2015 til 2023.[1]
Johann Roppen | |||
Fødd | 29. juni 1967 (57 år) Bergen i Noreg | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Norsk | ||
Yrke | professor | ||
Alma mater | Høgskulen i Volda | ||
Verv | Rektor ved Høgskulen i Volda 2015-2023 | ||
Føregangar | Per Halse | ||
Etterfylgjar | Odd Helge Mjellem Tonheim |
Biografi
endreJohann Roppen kjem frå Flø i Ulstein kommune. Han gjekk på Ulstein vidaregåande skule og seinare på Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda og Universitetet i Bergen. Doktorgradsprosjektet hans handla om mediekonsentrasjon og journalistikk i Noreg med Edda Media som case.[2]
Han har arbeidd som journalist i Vikebladet, som rådgivar i Medietilsynet, forskingsleiar ved Møreforsking og i undervisnings- og forskingsstillingar ved Høgskulen i Volda. Roppen var FoU-rådgivar ved Høgskulen i Volda 2013-2015.
Verv
endre- Leiar i Sunnmøre mållag (1990-1991)
- Medlem av Mediestøtteutvalet, Noreg (2010)[3]
- Medlem av Mediestøtteudvalget, Danmark (2011)[4]
- Leiar i Volda Turn og Idrottslag fotball (2011-2012)
- Leiar i Volda Idrettsråd (2014-16)
- Medlem av ekspertgruppe for utredning av alternativer for offentlig finansiering av NRK (2015-2016)[5]
Kjelder
endre- ↑ Strand, Hilde Kristin (18. juni 2023), «Den nye rektoren hevar regnbogeflagget: ― I Volda skal det vera trygt for alle», khrono.no, henta 5. oktober 2023
- ↑ Roppen, Johann (1. januar 2003). «Orklas lange revolusjon». Konsern, redaktørar og journalistikk i Orklas aviser.
- ↑ https://www.regjeringen.no/no/dep/kud/org/styrer-rad-og-utvalg/tidligere-styrer-rad-og-utvalg/mediestotteutvalget/id630128/
- ↑ http://www.kulturstyrelsen.dk/medier/medieprojekter/mediestoetteudvalget/om-udvalget/[daud lenkje]
- ↑ «Utpeiking av ekspertgruppe». Henta 23. mars 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Johann Roppen på Høgskulen i Voldas nettsider
- Publikasjonar av Johann Roppen i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin