Johannes Hudde
nederlandsk politikar og matematikar
(Omdirigert frå Johann van Waveren Hudde)
Johann(es) (van Waveren) Hudde (23. april 1628–15. april 1704) var ein nederlandsk matematikar og politikar.
Johannes Hudde | |
![]() | |
Fødd | 23. april 1628 Amsterdam |
---|---|
Død | 15. april 1704 Amsterdam |
Nasjonalitet | Dei sameinte Nederlanda |
Område | matematikk, likning, geometri, politikk, local administration, translations from French, translation into Latin |
Yrke | matematikar, politikar, instrumentmaker, ordførar, omsetjar |
Alma mater | Universitetet i Leiden |
Doktorgradsrettleiar | Frans van Schooten jr. |
Medlem | Amsterdam Vroedschap |
Han var i mange år borgarmeister i Amsterdam. Under den fransk-nederlandske krigen i 1672 leia han oppsynet med flaumane til hjelp for forsvaret.
Som matematikar er han kjend for ein metode for å avgjere multiple røter i ei likning. To av avhandlingane hans vart trykte som tillegg til La Géométrie av René Descartes, som kom ut i 1659. Han dreiv òg med matematiske formlar for livsforsikring og livrenter, og dessutan med konstruksjon av fysiske og astronomiske instrument.
KjelderEndra
- «Johann van Waveren Hudde» i Store norske leksikon, snl.no.