Johanne Mathilde Dietrichson

Johanne Mathilde Dietrichson (12. juli 183728. november 1921) var ein norsk målar som også laga keramikk og skulpturar.

Johanne Mathilde Dietrichson

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juli 1837
Christiania
Død

28. november 1921 (84 år)
Christiania

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Far Honoratus Bonnevie
Ektefelle Lorentz Dietrichson
Born Honoria Dietrichson
Johanne Mathilde Dietrichson på Commons

Ho var fødd Johanne Dietrichson som dotter av Honoratus Bonnevie og syster av Jacob Aall Bonnevie. Som barn og ungdom budde ho dels i Trondheim og dels på Kongsberg. Seinare tok ho eit teiknekurs i Kristiania, og reiste så 1857 etter råd frå Adolph Tidemand til Düsseldorf for å utdanna seg vidare. Her arbeidde ho i Otto Mengelberg sitt atelier til 1861. Året etter gifta ho seg med kunsthistorikaren Lorentz Dietrichson og følgde han på reisene hans. Ho var busett i Roma eit par år til 1865, budde 1866–76 i Stockholm, der ho gjekk på Kunstakademiet, og var frå 1866 til 1876 busett i Kristiania. På dei mange reisene ekteparet gjorde, studerte Dietrichson blant anna hjå Defregger i München og hjå Chaplin i Paris. Av verka hennar kan ein nemna Dannet Tjenestepige (1872), Mesters Datter (1877), Røgende Gutter (1877) og fleire portrett av ektemannen. I 1870-åra og 1880-åra stilte ho ofte ut i Kunstforeningen og på Haustutstillingane i Kristiania.

Kjelder endre