Jacob Aall Bonnevie

norsk skoledirektør og politikar

Jacob Aall Bonnevie (31. desember 183813. august 1904) var ein skuledirektør, stortingsmann og statsråd for Høgre. Honoratus Bonnevie var far hans, Kristine Bonnevie ei dotter.

Jacob Aall Bonnevie

Fødd31. desember 1838
Christiania
Død13. august 1904 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, lærar, skuleleiar, skoledirektør, lærebokforfatter
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarHonoratus Bonnevie
BarnKristine Bonnevie, Thomas Bonnevie, Carl Bonnevie
Alle verv

Bonnevie var fødd i Christiania. Han vart student frå katedralskulen i hovudstaden i 1856, og cand.real. i 1863. Han byrja undervise ved katedralskulen i 1862, vart overlærar i 1865. Som skuledirektør i Trondheim stift frå 1872 etablerte han realgymnaset i lovs form, og var visstnok pådrivar for at kalkulus med differensial- og integralrekning skulle vere med i pensum. Han gav sjølv i 1871 ut boka Kortfattet Lærebog i Arithmetik og Algebra med Exempelsamling. Seinare gav han ut fleire lærebøker.

Bonnevie var over åra med i fleire utval vedkomande skulestellet. Han var 1865 medlem av kongeleg kommisjon om revisjon av den høgre skulen, 1877 av kommisjon om «abnormskolen» (psykisk utviklingshemma), 1880 av kommisjonen om seminara og om oppretting av læararinneseminar. I 1891 formann i ein departementskomite om pensjonsordningane. År 1894 medlem av den parlamentariske arbeidarkommisjonen.

I perioden 1880-97 hadde Bonnevie fast plass på Stortinget. Fram til 1891 representerte han valkrinsen Trondhjem og Levanger, 1892-94 Fredrikstad medan han i si siste stortingsperiode møtte for Nedenes amt. I heile si stortingstid var han medlem av kyrkjekomiteen, formann i 1889 og 1891. 1889 og -91 var han i tillegg medlem av valkomiteen.

Frå juli 1889 til mars 1891 var Bonnevie kyrkjeminister i den fyrste regjeringa leia av Emil Stang d.e. I juni 1895 vart han oppmoda av kongen om å danne ei koalisjonsregjering, men lukkast ikkje samle støtte.

Bonnevie døydde i Lunnevad i Östergötland i Sverige, der han var på eit skulemøte.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Strømsnes, Åsmund Lønning:Jacob Aall Bonnevie: Sentral norsk skulemann og politikar sist i det 19. hundreåret.

Bakgrunnsstoff endre