Johannes Hougen

norsk politikar

Knut Johannes Hougen (26. november 185429. juli 1954) var ein skulemann og politikar for Venstre. Han var fødd i Kragerø, der faren var klokkar og skulestyrar.

Johannes Hougen

Fødd26. november 1854
Kragerø kommune
Død29. juli 1954 (99 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Han hadde examen artium frå 1873, og vart cand. real. i 1879. Hougen var 1876-80 lærar ved Gjertsens skole, adjunkt ved Kristiansands skole frå 1880, styrar ved Kristiansands tekniske aftenskole med handelsskule 1885-1908 og overlærar ved Kristiansands skole frå 1900. Han var så ekspedisjonssjef ved Kyrkje- og undervisningsdepartementet si skuleavdeling i 1908 og 1910-27.

Hougen var medlem av Kristiansand bystyre 1897-1901, og stortingsmann for bykrinsen Kristiansand 1900-09. 1903-06 var han medlem av protokollkomitéen, 1904-06 medlem og 1907-09 nestformann i budsjettkomiteen. I 1905 var han medlem av spesialkomiteen.

Hougen var kyrkje- og undervisningsminister i Gunnar Knudsens fyrste regjering frå 8. juli 1909 til 1. februar 1910.

Frå 1928 til -33 var Hougen styreformann i Kringkastingsselskapet, ein forløpar til NRK.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff endre