Johannes Hudde

nederlandsk politikar og matematikar

Johann(es) (van Waveren) Hudde (23. april 162815. april 1704) var ein nederlandsk matematikar og politikar.

Johannes Hudde
Hudde.jpg
Fødd23. april 1628
Amsterdam
Død15. april 1704
Amsterdam
NasjonalitetDei sameinte Nederlanda
Områdematematikk
Yrkematematikar, politikar, instrumentmaker
Alma materUniversitetet i Leiden
DoktorgradsrettleiarFrans van Schooten jr.
MedlemAmsterdam Vroedschap

Han var i mange år borgarmeister i Amsterdam. Under den fransk-nederlandske krigen i 1672 leia han oppsynet med flaumane til hjelp for forsvaret.

Som matematikar er han kjend for ein metode for å avgjere multiple røter i ei likning. To av avhandlingane hans vart trykte som tillegg til La Géométrie av René Descartes, som kom ut i 1659. Han dreiv òg med matematiske formlar for livsforsikring og livrenter, og dessutan med konstruksjon av fysiske og astronomiske instrument.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Johannes Hudde