Opna hovudmenyen

Johannes Olsson Skar (18. november 18373. februar 1914) var ein norsk folkeminnesamlar frå Øyer i Oppland. Han var bror til Matias Skard.

Johannes Skar
Johannes Skar.png
Fødd 18. november 1837
Øyer
Død

3. februar 1914

Yrke skribent
Johannes Skar på Commons

LivEndra

Johannes Skar gjekk på skulen i heimbygda Øyer, men guten hadde ein leselyst som ikkje kunne tilfredsstillast av tilhøva i den vesle bygda. Sokneprest Nisser i Øyer fekk foreldra til å sende han på latinskulen på Lillehammer, og herfrå vart han student i 1859. Ved universitetet i Kristiania byrja han å studere filologi, men han måtte snart slutte på grunn av ein nervesjukdom. Denne sjukdommen skulle kome til å fylje han resten av livet.

Etter ei tid som huslærar forskjellige stader, kom han til det grundtvigianske miljøet ved folkehøgskulen hans Christopher Bruun, Vonheim i Gausdal. Bruun og han hadde kjent kvarandre alt frå barndommen, og Bruun vart seinare gift med syster hans. På Vonheim fatta han interesse for folketru, særleg for den gudbrandsdalske originalen Vis-Knut. I 1876 gav han ut ei bok om Vis-Knut, som også inneheld opplysningar om folkeliv og folketru i Gudbrandsdalen.

Alt i 1873 drog Skar ut på si første reise for å samle folkeminne, etter oppfordring av presten og folkeminnesamlaren Magnus Brostrup Landstad, som ønska at han skulle leite etter Draumkvedet i Setesdalen. Folkelivet og kulturen i denne dalen fengsla han så sterkt at han stadig vende tilbake, før han til slutt slo seg ned der for godt. Ei tid var han huslærar for distrikslækjar Kinck i Bygland, og vart dermed lærar for den unge Hans E. Kinck.

Etter ei tid i Biri som lærling i blekkslagaryrket, busette han seg på Neset i Bygland, der han livberga seg som blekkslagar. For å halde fram med arbeidet med innsamling av folkeminne, trong han likevel meir tid og pengar enn han kunne skaffe seg som handverkar. I 1881 samla nokre velvillige i Kristiansand, blant andre Jørgen Moe, inn pengar til han, og seinare fekk han eit stipend, etter tilråding av P. Chr. Asbjørnsen. Frå 1897 til han døydde fekk han eit statsstipend på 1200, seinare 1500 kroner.

ArbeidEndra

Skar arbeidde med folkeminnesamlingane heilt til han døydde. Hovudverket hans vart dei åtte binda Gamalt or Sætesdal (1903–16), ein eineståande dokumentasjon av den gamle bondekulturen i Setesdal. To av binda vart utgitt etter at han var død av Knut Liestøl. Verket inneheld segner, eventyr, ordspråk, gåter, bornerim, viser, stev, leikar, regler og anna. Utanom Gamalt or Sætesdal skreiv han ikkje mykje, bortsett frå nokre artiklar i Fedraheimen, Syn og Segn, For Kirke og Kultur og Maal og Minne. I 1904 gav han ut boka Soga um Justinus Martyr Kyrkjefaderen, som var skriven for setesdølane. Like før han døydde arbeidde han på ei liknande bok om Søren Kierkegaard. Han testamenterte samlingane sine til ei folkeminnesamling på Universitetsbiblioteket.

VerkEndra

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • Olav Bø: Johannes Skar: gudbrandsdølen som skapte «Gamalt or Sætesdal». Oslo: Norli, 1953

BakgrunnsstoffEndra